Barne- og familiedepartementet sender på høyring forslag om forbod mot å inngå søskenbarnekteskap
Nyheit | Dato: 27.06.2023 | Barne- og familiedepartementet
Regjeringa sender forslag om forbod mot å inngå ekteskap med søskenbarn på høyring. Forbodet er grunngjeve med å redusere risikoen for helseskader hos barn.
Retten til å inngå ekteskap og retten til familieliv er sentrale menneskerettar. Eit forbod mot å inngå ekteskap krev difor ei grunngjeving som er kunnskapsbasert, og at mindre inngripande tiltak er vurdert å ikkje vere tilstrekkelege.
– I denne saka har departementet gjort ein grundig vurdering av dei menneskerettslege sidene. Når Regjeringa no sender på høyring forslag om forbod mot søskenbarnekteskap, er det difor grunngjeve med helserisiko for barnet. Slektskap mellom foreldre gir auka risiko for dødelegheit i heile livsløpet, misdanningar og ei rekkje ulike medisinske og nevrologiske tilstandar. No ser eg fram til å ta imot utsegn frå høyringsinstansane, seier Kjersti Toppe.
I 2020 fatta Stortinget oppmodingsvedtak der regjeringa blei bedt om å leggje fram lovforslag om å forby søskenbarnekteskap. I vedtaket blei eit forbod grunngjeve med at det vil førebyggje tvangsekteskap og sosial kontroll og motverke helseskadar hos barn som følgje av at foreldra er i slekt. Migrasjon blei også oppgitt som ein grunn.
Oppmodingsvedtaket gjeld eksplisitt berre søskenbarnekteskap. Biologiske slektskap mellom tante eller onkel og nevø eller niese, er eit nærare slektskap enn søskenbarn. Departementet føreslår difor at denne gruppa òg skal bli omfatta av forbodet.
Tala for søskenbarnekteskap i Noreg er låge og fallande. For å hindre omgåing føreslår regjeringa ein regel om at slike ekteskap som blir inngått i utlandet, ikkje blir godkjend når minst ein av partane hadde tilknyting til Noreg på vigselstidspunktet. Vidare føreslår departementet at statsforvaltaren avgjer søknader om dispensasjon frå forbodet, og søknader om godkjenning når partane har tilknyting til Noreg.