Barne- og familieministeren arrangerer innspelsmøte om trygg digital oppvekst

Adresse: Akersgata 59, 0180 Oslo

Stad: Statsrådens møterom

Barne- og familieminister Kjersti Toppe inviterer Google, Meta, Snapchat og TikTok til eit innspelsmøte om trygg digital oppvekst.

Statsråden har konkret bedt plattformene om å svare på:

  • Kva kan de bidra med i arbeidet for ein tryggare digital kvardag for barn og unge?
  • Korleis handterer de utfordringar med personvern, desinformasjon, kommersiell utnytting, mobbing, overgrep, skadeleg innhald, deling av private bilete?
  • Korleis beskyttar de dei yngste brukarene?
  • Korleis tenker de at styresmaktene og leverandørane av sosiale medium bør samarbeide for å finne løysningar for barns beste på nett?
  • Kva utfordringar ser de når det gjeld barn og unge si bruk av dei sosiale media de tilbyr, og korleis arbeider de med dei?

Statsråden er tilgjengeleg for intervju etter møtet.

Pressekontakt: kommunikasjonsrådgiver Thea Finstad, e-post: thea.finstad@bfd.dep.no og telefonnummer: +47 975 40 790