Inntekta til barn skal haldast utanfor
Pressemelding | Dato: 15.06.2023 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Regjeringa vil endre i retten til barnetillegg til arbeidsavklaringspenger (AAP), uføretrygd og kvalifiseringsstønad i tilfelle der barnet har eiga inntekt. Endringa vil blant anna gi betre tilhøve for barn som veks opp i fattige familiar.
– Barn må kunne jobbe og tene pengar i helger og skuleferiar utan at foreldra som mottar ytingar tapar økonomisk på det. Reglane som gjeld i dag stimulerer ikkje til at unge får viktig arbeidserfaring og tilknyting til arbeidslivet i tidleg alder. Dette er urimeleg. Derfor tar regjeringa grep, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.
Dei som i dag mottar AAP, uføretrygd og kvalifiseringsstønad har rett til barnetillegg dersom dei forsørgjer barn. Barnetillegg til AAP og kvalifiseringsstønad kjem med eit fast kronetillegg på 35 kroner dagen. Barnetillegg for uføre er høgare og behovsprøvd mot inntekta til forsørgjaren.
Foreldrene mistar rett til barnetillegg dersom barnet har eiga inntekt som er større enn grunnbeløpet (118 620).
Det skal løne seg å jobbe
I dagens regler er det ei forventning om at barnet sjølv dekker kostnader til eige livsopphald, i staden for at inntekta kan sparast eller at barnet kan bruke pengene på noko familien elles ikkje ville ha råd til.
Dette kan vere eit hinder for at barn med foreldre som mottar desse ytingane kan bruke inntekta si som andre barn.
– Dersom retten til barnetillegg blir uavhengig av inntekta til barnet, blir det langt meir motiverande for unge å ta seg ein jobb. Det vil bidra til at barn og unge blir meir sjølsvstendige, og dei vil i større grad ha høve til å ivareta eigne interesser, seier Marte Mjøs Persen.
Regjeringa sitt forslag til endring er nå sendt på høyring.