Barnevernsutvalets rapport er no sendt på høyring
Nyheit | Dato: 27.03.2023 | Barne- og familiedepartementet
I forrige veke mottok barne- og familieminister Kjersti Toppe Barnevernsutvalets rapport og tilrådingar for å styrkje rettstryggleiken for barn og foreldre i barnevernet. No blir rapporten sendt på høyring.
– Eg vil takke Barnevernsutvalet for ein god og grundig rapport, og for viktige tilrådingar for korleis vi kan styrkje rettstryggleiken i barnevernet. Utvalet føreslår tiltak som kan bidra til å løyse nokre av dei utfordringane vi står overfor i barnevernet, som til dømes styrking av barn sin medverknad, oppfølging av foreldre og dokumentasjon av arbeidet, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.
Ved omsorgssvikt opnar barnevernslova for kraftige inngrep i privatlivet til folk. Det stiller krav til riktig og god handsaming i alle saker, og eit barnevern som sikrar rettstryggleiken til både barn og foreldre.
– Vi må sikre at barnevernet gir tryggleik og hjelp til barn og familiar som treng det, og at ein legg omsynet til barnets beste til grunn. Vi vil no gå grundig inn i rapporten og vurdere dei tiltaka og tilrådingane utvalet kjem med. Utgreiinga blir no sendt på høyring slik at vi kan få innspel på korleis tilrådingane til utvalet bør følgjast opp. Rapporten og høyringssvara vil inngå i grunnlaget for regjeringa sitt arbeid med ei kvalitetsreform i barnevernet, seier Toppe.
Barnevernsutvalet blei oppnemnd av regjeringa Solberg i mars 2021, og fekk justert mandat og to nye medlemmar av regjeringa Støre i desember 2021. Målet for arbeidet til utvalet har vore å greie ut tiltak for å betre rettstryggleiken i alle delar av barnevernet, frå undersøkingsfasen til ettervernsfasen. Sjå utvalet sitt mandat her.
– Sjølv om det har skjedd mykje bra i barnevernet dei 10 siste åra, så må vi ta på alvor at det framleis er forskjellar mellom tenestene, og at familiar derfor får ulik tilgang på hjelp. Vi må heile tida sjå på forbetringar i ei av de viktigaste tenestene vi har for barn og familiar som treng hjelp, slik at òg dei tilsette vel å stå lengre i jobbane sine, seier Toppe.
Les rapporten til Barnevernsutvalet: NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid
Det er laga ein eigen rapport for barn. Formålet med denne er å gjere forslaga frå utvalet tilgjengelege og forståelege for barn og unge, slik at det også blir lettare for barna sjølv å komme med innspela sine i høyringa.
Les rapporten til barn her: Trygg barndom, sikker fremtid. En NOU for barn og unge om rettssikkerhet i barnevernet.
Les rapporten til barn på samisk: Oadjebas mánnávuohta, sihkkaris boahtteáigi. NAČ mánáide ja nuoraide riektesihkarvuođa birra mánáidsuodjalusas
Les oppsummeringa frå Barnevernsutvalet på nettsida deira (English version).
Sjå overrekkinga 20. mars 2023 i opptak: Barnevernsutvalet legg fram si utgreiing