Statsministerens program veke 5
Pressemelding | Dato: 27.01.2023 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 30. januar
Kl. 11.15: Statsminister Jonas Gahr Støre og forsvarsminister Bjørn Arild Gram besøkjer Kongsberg Defence & Aerospace i Kongsberg. Dei skal mellom anna få ei orientering om leveransar til forsvarssektoren og produksjonskapasitet, møte lærlingar, fagarbeidarar og tilsette og få ei omvising i produksjonshallen for NASAMS.
Fristen for akkreditering er gått ut. Presse som vil være med må kontakte kommunikasjonsdirektør i Kongsberg Gruppen Ronny Lie snarast råd på epost: ronny.lie@kongsberg.com. Adresse: Bergmannsveien 241, Kongsberg.
Pressekontakt for statsministeren er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no. Pressekontakt for forsvarsministeren er kommunikasjonsrådgivar Hilde Tank-Nielsen, telefon 950 21 302, e-post: Hilde-Merete.Tank-Nielsen@fd.dep.no.
Kl. 13.00: Statsministeren besøkjer Universitetet i Sørøst-Norge (USN), campus Kongsberg, der han mellom anna får ei omvising på campus og har dialog med studentar og leiinga ved USN. Adresse: Hasbergsvei 36, Krona.
Kl. 15.15: Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer elevar og tilsette ved SFO ved Bekkestua barneskole i Bærum kommune. Adresse: Hans Burums vei 26.
Pressekontakt er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Tysdag 31. januar
Statsminister Jonas Gahr Støre er i Hammerfest.
Kl. 12.00: Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Equinor sitt anlegg på Melkøya i Hammerfest. Av omsyn til sikkerheita er det eit avgrensa antal frå media som kan bli med inn på besøket, og akkreditering er naudsynt. Media som ønsker å delta, må sende ein e-post til ahj@smk.dep.no så snart som råd og seinast innan søndag 29. januar kl. 10.00.
Kl. 14.30: Statsministeren besøkjer Elvetun barnehage i Hammerfest. Adresse: Elvetun 4.
Kl. 19.30: Statsministeren er quizmaster på Slakteriet (Sot Bar og Burger) i Hammerfest. Adresse: Hamnegata 13.
Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Onsdag 1. februar
Statsministeren er i Tromsø.
Kl. 13.15: Statsministeren deltek på eit ope dialogmøte med ungdom på Tromsø rådhus. Adresse: Rådhusgata 2.
Kl. 14.30: Statsministeren deltek på Arctic Frontier-konferansen i Tromsø, på eit seminar om den demografiske utviklinga i Nord-Noreg i regi av Aust-Finnmarkrådet. Adresse: Clarion Hotel the Edge, Kaigata 6, Tromsø.
Kl. 15.30: Statsministeren deltek på Arctic Frontier-konferansen i Tromsø under sesjonen «Moving to and from north». Adresse: Clarion Hotel the Edge, Kaigata 6, Tromsø.
Kl. 17.00: Statsministeren er tilgjengeleg for presse for korte kommentarar knytt til Artic Frontiers. Adresse: Clarion Hotel the Edge, Kaigata 6, Tromsø.
Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Torsdag 2. februar
Kl. 10.00: Statsministeren gjer greie for handteringa av Ukraina-krigen og den sikkerheitspolitiske situasjonen. Statsministeren vil vere tilgjengeleg for presse i Vandrehallen i etterkant av utgreiinga. Stad: Stortinget.
Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.
Laurdag 4. februar
Kl. 14.00: Statsministeren deltek på årsmøtet til Lillestrøm Arbeiderparti.
Pressekontakt er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no.
Veke 7
Fredag 17. og laurdag 18. februar
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på den årlege sikkerheitskonferansen i München. Statsministeren deltek saman med utanriksminister Anniken Huitfeldt, utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim, forsvarsminister Bjørn Arild Gram og klima- og miljøminister Espen Barth Eide.
Presse som ønskjer å dekke konferansen, må akkreditere seg her innan 31. januar 2023. Gi også beskjed til smkinfo@smk.dep.no, slik at vi kan følgje opp norsk presse.
Pressekontaktar er for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard, telefon 98 83 62 99, e-post hem@smk.dep.no.