Dei regionale vinnarane av Bedriftsutviklingsprisen i landbruket er kåra
Nyheit | Dato: 29.10.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Innovasjon Noreg deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. No er dei regionale vinnarane for 2024 kåra.
Bedrifter eller enkeltpersonar som driv med ei næringsverksemd med grunnlag i ressursane i landbruket og bygdene kan søka melda seg opp til Bedriftsutviklingsprisen i landbruket. Tre kandidatar blir nominerte til den nasjonale prisutdelinga som finn stad på Internationale Grüne Woche i Berlin i januar. Premieprisen er på 300 000 kroner.
Dei regionale prisane som så langt er delte ut i år er til ciderprodusenten Apal, Vossabia, Villbrygg AS, Nerø Sideri, Superkraftmat, Strømmen gård, Ingers gårdsmat og Lauvverket. Dei resterande regionale prisane blir delte ut utover hausten.
Deltakarane blir vurderte etter mellom anna berekraft og innovasjon.
- Les meir om Bedriftsutviklingsprisen i landbruket Bedriftsutviklingsprisen i landbruket | Innovasjon Norge
- Innovasjon Noreg deler ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet kvart år.
- Bedriftsutviklingsprisen i landbruket er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for etablerarar av vellukka bedrift eller næring med basis i landbrukets og bygdenes ressursar.
- Det blir kåra ein vinnar i kvart fylke der prisen er på 50 000 kroner.
- Dei fylkesvise vinnarane kjempar om den nasjonale prisen på 250 000 kroner.
- Det blir nominert tre kandidatar til den nasjonale prisen som blir inviterte til prisutdeling i samband med Internationale Grüne Woche i Berlin i januar.