Ber kommunane busetja 37 000 flyktningar i 2024
Pressemelding | Dato: 10.11.2023 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Krigen held fram i Ukraina, og millionar av menneske er på flukt. No ber styresmaktene norske kommunar førebu seg på å busetja 37 000 flyktningar neste år. Det er det høgaste talet nokosinne.
– Kommunane har gjort ein imponerande innsats. Vi skal framleis visa solidaritet og ta vår del av ansvaret for menneske på flukt. Derfor treng me at kommunane stiller opp igjen. Samstundes ser me at høge innkomstar over tid legg press på kommunane og styresmaktene sin kapasitet og tenester på ei rekkje områder. Når vi no planlegg å busetja rekordmange flyktningar for tredje år på rad, krev det endå meir av felleskapet, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.
Sidan Russland sitt angrep på Ukraina, har kommunane busett over 57 000 flyktningar, der 50 000 er frå Ukraina.
– Alle dei norske kommunane blir bedne om å busetja til saman 37 000 flyktningar i 2024. Me håpar kommunane held fram det svært gode arbeidet også til neste år, seier direktør i Imdi, Libe Rieber-Mohn.
Prognosen på 37 000 gjeld for heile året og kan påverkast av innkomstane framover.
Vurderer tiltak
Noreg har i dei siste månadene tatt i mot rundt 1000 fordrivne frå Ukraina i veka. Det betyr at me no tek imot fleire enn Sverige, Danmark og Finland til saman. Justisdepartementet har allereie varsla at når så mange kjem til Noreg, så må asylsøkjarar rekna med å bu lenger i mottak.
– Dette fører til auka press, både både mottakssystemet og busetjinga. Derfor har regjeringa allereie gjort nokre tiltak og tilpassingar for å handtera situasjonen. Vi følgjer sitasjonen og vil vurdera nye tiltak dersom det er behov for det. Kva justeringar me eventuelt skal gjera, må vi komma tilbake til, seier Brenna
Regjeringa har mellom anna arbeidsretta introduksjonsprogrammet i større grad.
Fleire i jobb
Regjeringa vil at ukrainarane som kjem hit skal ha eit godt opphald, og kjem ut i jobb og forsørgjer seg sjølv. Tala viser at stadig fleire ukrainarar får seg jobb i Noreg. Samtidig skal mange fleire ut i arbeid i tida som kjem. Regjeringa har sendt på høyring eit forslag om å spissa introduksjonsprogrammet med mål om å få endå fleire raskare i jobb.
– Eg meiner arbeidsplassen er den beste integreringsarenaen. I løpet av hausten og vinteren vil tusenvis av ukrainarar vera ferdig med introduksjonsprogrammet. At desse kjem i arbeid med norske arbeidsvilkår, er avgjerande både for den enkelte og for samfunnet. seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.