Beredskapslagring av seks månaders normalforbruk av smittevernutstyr

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Helse- og omsorgsdepartementet sender på høyring forslag om at kommunar, fylkeskommunar og regionale helseføretak skal sørgje for beredskapslagring av smittevernutstyr for helse- og omsorgstenesta tilsvarande seks månaders normalforbruk.

Plikta er avgrensa til hanskar, munnbind, åndedrettsvern, smittefrakkar eller heildekkjande drakt, og dessutan briller eller visir. Lagringsplikta skal ikkje gjelde smittevernutstyr som verksemda i ein normalsituasjon ikkje har eit forbruk av. Smittevernutstyret skal lagrast i Noreg.

Forslaget skal sikre ein buffer for forsyningar til den kommunale helse- og omsorgstenesta, spesialisthelsetenesta og tannhelsetenesta i situasjonar som kan forårsake avbrot i ordinære forsyningslinjer til landet. Lokal lagring styrkjer beredskapen og gir auka handlingsrom til å finne formålstenlege løysingar ved pandemi og andre helsekrisar. Sikker tilgang på smittevernutstyr gir auka tryggleik for både tilsette i helse- og omsorgstenesta, pasientar og pårørande.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.