18 milliardar kroner til norske bønder

I dag utbetalar Landbruksdirektoratet 18,3 milliardar kroner i produksjons- og avløysartilskot til om lag 36  800 jordbruksføretak.

– Støre-regjeringa har under heile perioden prioritert landbruket. Det vil me også gjera framover. Gode inntektsmoglegheiter for jordbruket er viktig for å sikra norsk matproduksjon. Slik vil me bidra til framtidstru i næringa og rekruttering av unge. Samanlikna med fjoråret er støtta til jordbruket auka med litt over 1,3 milliardar kroner, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap).

Produksjonstilskot er ei felles nemning for ei rekke tilskot i jordbrukssektoren. Føremålet er å bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk. Tilskot til avløysing gjer at bønder med husdyr får avlasting, slik at dei kan ta både ferie og ha ei ordna fritid.

Det er nærare 36 800 føretak som får utbetalt produksjons- og avløysartilskot denne veka. Grunnlaget er søknader frå 2024.

Kommunar, statsforvaltarane og Landbruksdirektoratet har avslutta handsaminga av dei fleste søknadene. Søkarar vil normalt få pengane innan fredag 14. februar. Visse søknader er ikkje ferdig handsama enno. 

Datasett med mellom anna oversyn over tilskotsutbetalingane til føretaka, blir publiserte på Felles datakatalog rundt veke 10.

Landbruks- og matdepartementet sette 20. januar i år fast endelege satsar for produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket for søknadsåret 2024.    

Dei endelege satsane er like dei førebelse satsane i Jordbruksavtalen 2024-2025.

Har du spørsmål om utbetalinga av produksjons- og avløysartilskot, kan du ta kontakt med kommunen din.