Betre bustøtte for husstandar med vaksne barn

Frå 1. oktober kan unge vaksne som bur heime tene eigne pengar utan at det går ut over bustøtta til foreldra. − Det er viktig at unge kan ta ein jobb og prøve seg i arbeidslivet. Det skal ikkje gå ut over økonomien til foreldra, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Bustøtta er ei behovsprøvd yting som skal sikre husstandar med låge inntekter ein høveleg bustad. Kvar månad får nærare 100 000 husstandar bustøtte, i snitt får dei utbetalt om lag 3400 kroner kvar månad. Bustøtte er med å sikre at fleire har ein trygg og eigna stad å bu.

Nokre av mottakarane av bustøtte har vaksne barn som bur heime, til dømes fordi dei framleis går i vidaregåande opplæring. Fram til no har alle inntekter vaksne barn måtte ha påverka kor mykje foreldra har fått i bustøtte.

− No vil ikkje inntektene til personar under 20 år lenger telle med når dei ikkje sjølv er mottakarar av bustøtte. Frå 1. oktober kan ungdom i husstandar med låg inntekt jobbe og tene eigne pengar utan å uroa seg for at foreldra mister bustønad, seier Sande.

Det er venta at endringa vil gi husstandar med vaksne barn til saman 50 millionar kroner meir i bustøtte kvart år.

Dette er eitt av forbetringstiltaka ekspertgruppa som har sett på bustøtta peika på, og som Rege-utvalet støttar i utgreiinga «En barndom for livet».

 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no