Betre forhold i fiskeindustrien

Regjeringa vil utvide dagpengeperioden for dei permitterte i fiskeindustrien midlertidig, frå 26 til 52 veker innanfor ei periode på 18-månedar.Endringane skal sikre inntekt til personar som har vore lenge permittert.

- Folk skal vere sikra inntekt når dei plutseleg står utan jobb over tid. Reglane som gjeld i dag har slått negativt ut for tilsette i fiskeindustrien, noko regjeringa vil rette opp i. No har vi lytta til industrien og vi foreslår derfor å styrke rettane til dei tilsette, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Regjeringa vil i første omgang utvide dagpengeperioden for permitterte fra 26 til 52 veker og at dette trer i kraft så raskt som mogleg. Deretter vil regjeringa komme med eit høyringsnotat som foreslår å innføre lønnsplikt etter 26 veker for bedrifter i fiskeindustrien, på same måte som permitteringsordninga for andre verksemder. 

- Fiskerinæringa er kjenneteikna av naturlege svingninger med tilgang på fisk. Nå er vi inne i ein periode som er krevjande for mange i fiskerinæringa, med låge kvoter for fleire av dei viktige fiskebestandane. Det betyr mindre råstoff for fiskeindustrien, og dermed auka sjanse for permitteringar. Endringane vil bety mykje for dei arbeidarane som ufrivillig blir utan jobb i lengre periodar, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Arbeidsgivarane har ikkje lønnsplikt

Regjeringa vil gjera desse endringane  fordi det er særreglar for bruk av permitteringar i fiskeindustrien. Mellom anna har arbeidsgivarane inga lønnsplikt, verken i byrjinga av permitteringsperioden eller i slutten. Med mindre dei blir henta tilbake til bedrifta, står dei utan krav på lønn, og dei har ikkje rett til dagpengar, med mindre dei blir  oppsagde og kan søkja ordinære dagpengar. Sjølv om dette gjeld nokså få, verkar konsekvensen for dei permitterte som urimeleg og utilsikta.

Ei partssamansett arbeidsgruppe som vurderte desse særreglane i 2023, peika på at manglande lønnsplikt kan gjera at permitterte i fiskeindustrien kan bli ståande heilt utan inntekt etter at den maksimale dagpengeperioden på 26 veker innanfor ein 18-månadersperiode er brukt opp.