Betre informasjon om grensekryssing på samiske språk

Regjeringa ønskjer at det skal bli lettare å drive næringsverksemd over grensene i dei nordiske landa. Betre informasjon skal sikre eit sterkare samarbeid i dei nordlege delane av Noreg, Sverige og Finland.

Bilde av et gult grensemerke i betong med snødekte fjell i bakgrunnen.
Treriksrøysa ved Goldajavri i Storfjord som markerer grensepunktet mellom Noreg, Sverige og Finland. Foto: IStock

I statsbudsjettet for 2025 foreslår regjeringa å styrkje informasjonsarbeidet til Grensetenesta Sverige-Finland-Noreg på samiske språk. Styrkinga vil gå til etablering av ei samisk nettside med informasjon om regelverk, mellom anna innanfor skatt, arbeid og pensjon i dei ulike landa.

Grensetenesta Sverige-Finland-Noreg i Skibotn i Storfjord kommune er ein viktig aktør i arbeidet med å fremje grensekryssande mobilitet og integrasjon i dei nordlege delane av Noreg, Sverige og Finland. Med nærvær i og kjennskap til regionen, bidreg kontoret med praktisk og konkret rådgiving til næringsliv, organisasjonar, privatpersonar og styresmakter.

I ein situasjon med stor etterspurnad etter arbeidskraft innanfor ei rekkje fagområde, vurderer regjeringa verksemda til grensetenesta som svært viktig. Forslaget frå regjeringa omfattar etablering av ei nettside på samiske språk og omsetjing av informasjon til samiske språk.

– For å styrkje mobiliteten på tvers av nasjonale grenser i Sápmi, må vi sørgje for rettleiing og informasjon på samiske språk om juridisk regelverk i dei nordiske landa. Vi veit at lett tilgang til informasjon er viktig for å fremje samarbeid og mobilitet på tvers av dei nasjonale grensene i Sápmi, seier nordisk samarbeidsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim.

Forslaget frå regjeringa gjeld drift av ein nettstad med informasjon på samiske språk og drift av kontoret i Skibotn.

– Grensehinder mellom landa i Norden må byggjast ned. God mobilitet av folk er viktig for å auke tilgangen på arbeidskraft og sysselsetjing. Dette er spesielt viktig i Nord-Noreg, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Grensetenesta Sverige-Finland-Noreg er ei av tre nordiske grensetenester. Dei to andre er Grensetenesta Noreg-Sverige i Morokulien og Øresunddirekt i Malmø. Tenestene blir mellom anna finansierte av ulike tilskot frå Nordisk ministerråd

Grensetenesta Noreg-Sverige-Finland har til no mangla stabil og føreseieleg finansiering for å kunne halde fram med å vere eit operativt informasjonskontor. Grensetenesta Noreg-Sverige i Morokulien får tilskot til drift over statsbudsjettet. Med forslaget frå regjeringa blir dei to kontora likebehandla.