Revidert nasjonalbudsjett
Lettare å samanlikne straumavtalar
Pressemelding | Dato: 12.05.2022 | Barne- og familiedepartementet
Regjeringa føreslår å løyve fem millionar kroner for å vidareutvikle straumprisportalen (strømpris.no). Dette er ei nettside der forbrukarane får oversikt over dei beste straumavtalane.
– Dei høge kraftprisane har særleg auka etterspørselen etter informasjon om straumavtalar. Forbrukarrådet si teneste strømpris.no har dobla besøkstala dei siste månadene. Forbrukarane ønskjer mellom anna å kunne samanlikne fastprisavtaler med spotprisavtaler, ein funksjon straumprisportalen ikkje har i dag. Med desse midlane kan Forbrukarrådet utvikle ein slik funksjon, seier forbrukarminister Kjersti Toppe (Sp).
Midlane skal òg nyttast til å sikre drift og utvida dei tekniske løysningane i straumportalen (strømpris.no).
I Hurdalsplattforma har regjeringa som mål å utforme fleire kraftfulle tiltak for å redusere høge straumkostnader. Mellom anna gjennom styrkte forbrukarrettar. Styrkinga av straumprisportalen vil legge til rette for at fleire kan ta betre og meir informerte val i straummarknaden, og gir auka kjennskap til portalen.
– At fleire bruker forbrukarmakta si kan skjerpe konkurransen i straummarknaden og bidra til at fleire får betre avtalevilkår i ein periode der prisane er ekstraordinært høge, seier Toppe.
Det skal vere enkelt for forbrukarane å orientere seg i sluttbrukermarknaden for straum. Forbrukarar må òg vere medvitne om dei avtalane dei inngår. Det finst fleire døme på at straumleverandørar lokkar med låge prisar, for så å skru prisane opp etter ei stund.
– Som forbrukarminister arbeider eg for å sikre ein ryddig straummarknad med effektiv priskonkurranse som kjem forbrukarane til gode, seier Toppe.
Regjeringa gjennomfører for tida fleire tiltak for å gjere det enklare å vere straumkunde.
Saman med Olje- og energidepartementet har Barne- og familiedepartementet forskriftsendringar på høyring. Endringane skal mellom anna sikre forbrukarane betre informasjon når dei teiknar straumavtale og på faktura. Dei skal òg gje forbrukarane betre tid til å områ seg når straumleverandørane gjer endringar i avtalen og gjere det enklare å samanlikne si eigen straumavtale med andre avtalar.