Betre samarbeid for å auke deltakinga til barn og unge i fritidsaktivitetar
Nyheit | Dato: 23.02.2024 | Kultur- og likestillingsdepartementet, Barne- og familiedepartementet
– Alle barn og unge må få moglegheita til å delta i dei fritidsaktivitetane dei ønsker. Sånn er det ikkje i dag. Dette jobbar vi i regjeringa aktivt med, men vi må også finne løysingar saman for å få deltakinga opp. No kan to nye initiativ betre dette lagarbeidet, og eg håper både kommunar og organisasjonar nyttar desse, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
I 2022 signerte regjeringa, i lag med KS og ei rekke organisasjonar, ei nasjonal fritidserklæring. Målet er at alle barn skal ha moglegheit til å delta jamleg i minst éin organisert fritidsaktivitet saman med andre. No har partane laga ein mal for lokale versjonar av denne fritidserklæringa.
– Mange kommunar jobbar allereie godt og planmessig i samarbeid med idrettslag, korps og fritidsklubbar for at endå fleire barn og unge kan delta. Ein del kommunar har allereie laga si lokale fritidserklæring, og no blir det endå lettare for fleire med ein enkel lokal mal for kommunane, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.
I tillegg har Frivillighet Norge og KS utarbeidd ei plattform som skal bidra til meir samspel og samarbeid mellom frivillig og kommunal sektor. Dei trekk mellom anna fram at frivilligheita har behov for kontakt- og informasjonsmoglegheiter i kommunen, og peiker på at kommunar bør ha ein arena for kontinuerleg dialog med frivillig sektor.
I Stortingsmeldinga «Fellesskap og meistring – Bu trygt heime» (Meld. St. 24 (2022–2023) oppmodar regjeringa kommunane til å opprette lokale kontaktpunkt for frivilligheita og etablere ein lokal frivilligheitspolitikk.
- Plattforma for frivilligheitspolitikk (pdf.)
- Meir om lokal frivilligheitspolitikk (frivillighetnorge.no)
Kultur- og likestillingsdepartementet og Barne- og familiedepartementet, KS og Frivillighet Norge har sendt eit felles brev til alle kommunar og fylkeskommunar for å understreke moglegheitene desse to nye initiativa gir.