Betre skattereglar for rentefond og aksjefond

Finansdepartementet har i dag sendt på høyring eit framlegg om endringar i skattereglane for verdipapirfond. Endringane vil motverke dobbel skattlegging og gje norske fond betre rammevilkår. Samstundes vil moglegheitene for utilsikta tilpassingar bli reduserte.

– Verdipapirfond fyller ein viktig funksjon i samfunnet. Regjeringa ønskjer gode rammevilkår for slike investeringar. Ei sentral side ved dette er å lage skattereglar som svarer ut fonda sine behov, og som samstundes er godt forankra i grunnprinsippa i det norske skattesystemet, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum.

Skattelova sine føresegner om verdipapirfond blei reviderte med verknad frå 2016. Erfaring viser at det no er trong for å gjere einskilde endringar i reglane.

Dei viktigaste framlegga i høyringsnotatet er:

  1. I dag er renteinntekter skattepliktige både i sjølve fondet og hos andelseigar. I nokre situasjonar kan det innebere at same renteinntekt blir skattlagt to gonger. I høyringsnotatet blir det presentert ulike løysingar på dette problemet. Den løysinga som blir tilrådd, er basert på at fond blir friteke for skatt på renteinntekt, slik at all skattlegging av renteinntekt skjer hos andelseigar.
  2. Skattelova har ei særføresegn for fond som fritek fond for skatteplikt på vinstar ved realisasjon av aksjar i selskap heimehøyrande i land utanfor EØS. Tapsfrådrag blir avskore på tilsvarande måte. Denne fritaksføresegna blir utvida til òg å omfatte:
    • Utbytte frå selskap heimehøyrande i land utanfor EØS.
    • Finansielt instrument med aksje som underliggjande objekt.

Fritaket skal ikkje gjelde for vinstar på og utbytte frå aksjar mv. i selskap i lågskatteland.

Det blir føreslått ei meir målretta og føremålstenleg avgrensing av kva som skal reknast som verdipapirfond i skattelova.

Finansdepartementet har sidan i haust jobba i høgt tempo med å betre vilkåra for fondsforvaltingsbransjen i Noreg. Arbeidet blir gjort i nært samarbeid med bransjen og Finanstilsynet. Det er treft ei rekke åtgjerder på fleire område, m.a. blei det i november 2024 opna for valutasikring i andelsklassar og gjeve fritak for den kvantitative avgrensinga for gjenkjøpsavtalar for spesialfond. I desember blei det gjeve eit oppdrag til Finanstilsynet om å revurdere såkalla inntektsdelingsavtalar, og i januar blei Finanstilsynet gjeve eit oppdrag om å føreslå betre tilgang for fondsforvaltingsbransjen til opplysingar i Folkeregistret.

– Vi ønskjer ein sterk privat fondsforvaltingsbransje i Noreg, og eg er glad for å kunne presentere nok eit tiltak for å betre vilkåra for bransjen. Eg ser fram til vidare arbeid med desse sakene og til innspel i høyringa, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum.

Høyringsfristen er onsdag 30. april.

Les meir: