Bidreg med 151 millionar kroner til afghanarar i nød
Nyheit | Dato: 04.06.2024 | Utanriksdepartementet
Noreg bidreg i 2024 med 151 millionar kroner til at afghanarar i nød får tilgang til livsviktig humanitær hjelp og nødvendig beskyttelse. Totalt er støtta til Afghanistan i år rundt 550 millionar kroner.
– Det er viktig at vi alle held vårt engasjement fram for det afghanske folket. I Afghanistan er kvinner og jenter særleg utsette og treng for vår støtte. Derfor treng vi òg kontakt med Taliban, der vi seier tydeleg frå om vårt syn på den uakseptable behandlinga deira av mellom anna kvinner og jenter, seier utanriksminister Espen Barth Eide.
Noreg bidreg med støtte til menneskerettsarbeid og sivilsamfunn i Afghanistan, og meir langsiktig støtte til mellom anna helse, utdanning og jobbskaping. Ingen norske pengar går direkte til Taliban, som no styrer landet.
– Afghanarar lid framleis på grunn av den langvarige humanitære krisen i landet. FN reknar med at nesten 23 millionar menneske i Afghanistan har behov for humanitær hjelp i år. Nyleg mista fleire hundre menneske livet og fleire tusen mista livsgrunnlaget sitt på grunn av kraftig flaum i det nordaustlege og vestlege Afghanistan, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.
Fleire millionar menneske er på flukt i Afghanistan eller har søkt tilflukt i nabolanda. Det er særleg viktig å finne varige løysingar for flyktningar, returnerte og internt fordrivne som varetek rettane deira.
– Noreg har i lang tid jobba langs fleire spor i Afghanistan. Heilskapleg tilnærming er heilt nødvendig, slik at humanitært arbeid, utvikling og politisk innsats trekkjer i same retning til beste for det afghanske folket. Vi vil halde fram å arbeide for dette, også internasjonalt, seier Tvinnereim.
Taliban har sidan maktovertakinga i 2021 innført restriksjonar og tiltak som rammar den afghanske befolkninga hardt, særleg kvinner og jenter. Forboda mot afghanske kvinnelege tilsette i organisasjonar og FN skaper store utfordringar for den humanitære innsatsen. Trass i dette melder hjelpeorganisasjonane at kvinner og jenter får hjelp.
Fakta om norsk støtte
- All støtte går gjennom frivillige organisasjonar og FN-systemet. Inga støtte går direkte til Taliban.
- Den humanitære hjelpa frå Noreg går til norske humanitære organisasjonar, Røde Kors-rørsla og FN, inkludert det humanitære landsfondet i Afghanistan.
- Støtta bidreg til at dei mest sårbare, barn, flyktningar og internt fordrivne får livsviktig hjelp og tilgang til mellom anna husly, mat, vatn og sanitær, utdanning, helsehjelp og psykososial støtte. Støtte til minerydding inngår òg.
- Noreg bidreg i tillegg med stor støtte til grunnleggjande tenester som helse, utdanning og jobbskaping, slik at afghanske lokalsamfunn kan bli meir motstandsdyktige.
- Noreg støttar òg det lokale sivilsamfunnet og menneskerettighetshetsforsvarere.