Bli med på oppstartskonferanse - tre stortingsmeldingar, felles innsats
Nyheit | Dato: 06.11.2023 | Helse- og omsorgsdepartementet
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol inviterer torsdag 30. november til felles oppstartskonferanse om dei tre stortingsmeldingane ho har lagt fram i år. Målgruppa er mellom anna tilsette i kommunane og i spesialisthelsetenesten.
De tre stortingsmeldingene Kjerkol har lagt fram i år er:
- St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga
- St. 23 (2022–2023) Opptrappingsplan for psykisk helse (2023–2033)
- St. 24 (2022–2023) Fellesskap og meistring – Bu trygt heime
Nødvendig med auka samarbeid
– For at vi skal lykkast med ei betre folkehelse, utbygging av psykisk helsehjelp og ein ny og moderne eldreomsorg er det nødvendig med auka samarbeid mellom nivåa i helse- og omsorgstenestene og på tvers av sektorar, meiner helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
Ho legg til at det også må bli arbeida aktivt med korleis vi saman kan bidra til å skape gode lokalsamfunn som både er inkluderande og helsefremjande.
Må gjere innhaldet kjent
– Eg gler meg til denne konferansen, slik at vi kan gjere innhaldet i desse meldingane enno meir kjent ute blant fagfolka våre, og ikkje minst synleggjere samanhengar mellom meldingane, seier Kjerkol.
I tillegg til tilsette i kommunehelsetenesten og spesialisthelsetenesten, er målgruppa for konferansen administrative og politiske leiarar, ulike fag- og kompetansemiljøar, brukarar, pårørande og frivillige.
Det vil for inntil cirka 200 personar vere mogleg å delta fysisk på Clarion Hotel & Congress Oslo Airport på Gardermoen, og det vil i tillegg vere høve til digital deltaking.
Praktisk
I tillegg til helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol, vil statssekretær Karl Kristian Bekeng, statssekretær Ellen Rønning-Arnesen og statssekretær Ole Henrik Krat Bjørkholt (alle frå Helse- og omsorgsdepartementet) delta, samt statssekretær Ole Gustav Narud frå Kommunal- og distriktsdepartementet.