Presseinvitasjon:
Borten Moe kjem til Bodø måndag 27. februar
Pressemelding | Dato: 24.02.2023 | Kunnskapsdepartementet
Måndag 27. februar kjem forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borthen Moe (Sp) til Bodø, for å besøke Nord universitet.
Program:
11: Lunsj og møte med studentar på havbruksleiing. Dette er eitt av dei mest populære studia ved Nord Universitet, og studentane er blant dei som er mest nøgde med studiekvaliteten ved universitetet, ifølgje Studiebarometeret. Dei er også svært ettertrakta på arbeidsmarknaden. Havbruksleiiing er blant utanningane som skal inn i det nye Blått bygg, når det står ferdig.
På møtet og lunsjen deltek også representantar for studentorganisasjonen i Bodø.
Adr: Universitetsalléen 11, 8026 Bodø
11.45: Synfaring Blått bygg – eit nytt bygg som skal gi betre plass, slik at Nord universitet kan utdanne fleire kandidatar til havbruksnæringa og helsefag, og til forsking på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå. Prosjektet har ei kostnadsramme på 630 millionar kroner og bygget skal etter planen stå ferdig i 2025.
Adr: Universitetsalléen 11, 8026 Bodø
12.20: Besøk til Nordlab, med info om Øvelse Nord. Nordlab er eit øvings- og testsenter innan tryggleik og beredskap, med fokus på sikre operasjonar og kriseleiing. Dei har ansvaret for ein master i tryggleik- og beredskapsleiing, bachelor i beredskap og etter- og vidareutdanning i beredskapsleiing både for kommunalt tilsette, tilsette hos Statsforvaltarane og privat næringsliv.
Mykje av arbeidet i senteret handlar om nordisk samarbeid og den nye geopolitiske situasjonen med Sverige og Finland som NATO-medlem. Nordlab har etablert samarbeid med andre institusjonar i Sverige og Finland.
Adr: Universitetsalléen 11, 8026 Bodø
13.30: Besøk i Mørkvedbukta – Dette er Nord universitet sin forskingsstasjon, som ligg 1 km frå campus. Statsråden får møte masterstudentar og vitskapleg tilsette som jobbar med forsking på fisk. Det vil bli rikeleg høve til gode bilete i eit spanande forskingsmiljø på mange fiskeartar.
Adr: Mørkvedbukta 30, 8020 Bodø
Kontakt:
Journalistar som vil delta, kan kontakte kommunikasjonsrådgjevar Johanne Severinsen (91114868), eller politisk rådgjevar Signe Bjotveit (974 98 363), som er med på reisa. Kontaktperson ved Nord universitet er Arve Løberg, seniorrådgjevar ved rektors stab: (411 00 110) eller kommunikasjonssjef Andreas Førde (913 59926)