Brei deltaking på innspelsmøte om ny husleigelov
Pressemelding | Dato: 13.12.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Fredag 13. desember heldt Kommunal- og distiktsminister Erling Sande innspelmøte om ny husleigelov. 34 aktørar var representerte.
Bakgrunnen for innspelsmøtet er Husleigelovutvalet sin nyleg publiserte NOU 2024:19, som no er ute på høyring.
Om lag ein million nordmenn leiger bustaden dei bur i. I 2023 vart det leigd ut rundt 605 000 bustader i Noreg, og om lag to tredjedelar av desse vart leigd ut av privatpersonar.
Behov for balanse i husleigelova
Møtet la til rette for dialog mellom representantar frå ulike delar av leigemarknaden. Mange trekte fram behovet for ein god balanse i husleigelova, der rettane og pliktene til både leigarar og utleigarar blir ivaretekne.
Tilbodet i leigemarknaden fekk stor merksemd under møtet. Fleire aktørar peika på utfordringane med eit pressa leigemarknad, og korleis dette kan påverke leigevilkår og etterlevinga av husleigelova. Det vart peika på behovet for betre butryggleik for leigarar, blant anna gjennom auka minstetid for tidsbestemte leigekontraktar og reglar for ein føreseieleg leigeprisauke.
– Butryggleik handlar om å vite at du kan bu der du bur så lenge du treng, og at du kan betale husleiga di, sa Anne-Rita Andal i Leieboerforeningen.
Andre uttrykte bekymring for rammevilkåra for utleige og understreka verdien av føreseielege omstende for utleigarar for å sikre fleire leigarar ein god bustad.
– Leigemarknaden er velfungerande først når det er nok bustader og det opplevast som økonomisk føreseieleg å leige ut, sa administrerande direktør i Norsk Eiendom, Tone Tellevik Dahl.
Viktige innspel til det vidare lovarbeidet
Kommunal- og distriktsministeren kommenterte etter møtet:
– Eg har merka meg innspela i dag om behovet for å styrke leigarar sin butryggleik. Eg tek òg med meg at det må vere berekraftig for seriøse, langsiktige utleigarar å fortsette å leige ut.
Ei ny lov skal stå seg over lang tid. Lova skal fungere i tider med høg etterspurnad etter leigebustader, og i tider der tilbodet overgår etterspurnaden og leigeprisveksten er låg.
– Lova skal passe både for by og land, og skal ivareta både dei med eit akutt og kortvarig bustadbehov og dei som leiger bustad heile livet. Derfor må vi sørge for eit grundig og forsvarleg lovarbeid, seier Sande
Vidare oppmoda statsråden alle til å sende inn skriftlege høyringssvar:
– Tilrådingane frå utvalet viser at dette er eit område med ulike synspunkt. Eg meiner det er svært viktig at alle aktørane i leigemarknaden blir lytta til i det vidare arbeidet med lova. Det er viktig at vi får alle synspunkt på bordet.
Innspela frå møtet vil inngå i arbeidet med å utarbeide eit forslag til ny husleigelov. Fristen for å sende inn skriftleg høyringsuttale er 31. januar 2025. Les meir her: Høring av NOU 2024:19 Ny boligleielov - regjeringen.no