Breiare opptakskrav til lærarutdanningane frå 2022

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Frå våren av vert det to alternative vegar til lærarutdanninga. No må søkarar enten ha minst 40 skulepoeng og karakteren 3 i matematikk og norsk, eller minst 35 skulepoeng, 3 i norsk og 4 i matematikk. Målet er at alle lærarar i norsk skule skal ha lærarutdanning.

– Noreg treng fleire lærarar. Med denne endringa femner opptakskrava breiare og gir fleire kvalifiserte søkarar. Vi skal framleis stille høge krav til dei framtidige lærarane våre, men utan å stenge ute søkarar som har høge karaktersnitt, og har styrken sin i andre fag enn matematikk, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp).

I november sende regjeringa forslaget om dei nye opptakskrava ut på høyring. No er høyringa ferdig behandla og regjeringa har vedtatt å gjennomføre den føreslegne endringa. Dei fleste universiteta og høgskulane støttar forslaget. Nokre organisasjonar vil ha høgare eller andre krav.

– Som Universitets- og høgskulerådet òg påpeikar, er det er viktig å vere klar over at endra opptakskrav ikkje åleine løyser alle utfordringane med rekruttering til lærarutdanningane og læraryrket. Vi må framleis jobbe med å vise fram kor flott, viktig og krevjande læraryrket er, og å få fleire til å søke lærarutdanning, seier Ola Borten Moe

To alternativ gir fleire sjanse til å kvalifisere seg

Berekningar frå Samordna opptak viser at dei nye krava gir fleire kvalifiserte søkarar enn eitt av krava åleine. Det gir òg fleire kvalifiserte søkarar enn til dømes berre 40 skulepoeng.  

Når regjeringa no innfører eit alternativt opptakskrav, tar dei samtidig omsyn til søkarar som allereie har tilpassa seg dagens krav. Frå årets opptak må dei som vil ta grunnskulelærar- eller lektorutdanning enten ha minst 40 skulepoeng og karakteren 3 i norsk og fellesfaget matematikk, eller 35 skulepoeng, karakteren 3 i norsk og 4 i fellesfaget matematikk.

– Det er kombinasjonen av desse alternativa som gir fleire kvalifiserte søkarar. Derfor er det viktig å vidareføre begge alternativ. Viss vi fjernar firarkravet og seier at alle må ha 40 skulepoeng, er vi tilbake til ein situasjon der vi kan stenge ute søkarar som er gode i matematikk, men som har litt lågare karaktersnitt, seier Borten Moe.

Dei nye opptakskrava vil gjelde frå opptaket hausten 2022. Søknadsportalen til Samordna opptak opnar 1. februar. Det har komme fram uvisse om opptakssystemet vil takle to alternative opptakskrav. Kunnskapsdepartementet forsikrar at ingen søkarar skal bli skadelidande. Krava vil ikkje bli endra undervegs, slik nokon har frykta, og alle søknadar vil bli behandla.

Gratis mattekurs

For søkarar som må løfte seg til karakter 3 eller 4 i matematikk, eller treng eit høgare karaktersnitt for å kvalifisere for opptak til lærarutdanning, har Kunnskapsdepartementet finansiert eit nasjonalt, nettbasert matematikkurs ved Universitetet i Søraust-Noreg. Kurset er gratis, men deltakarane må sjølv betale privatisteksamen. Frist for å melde seg opp til privatisteksamen og til matematikkurset, er 1. februar.

Fakta

  • I 2005 vart det innført særskilde krav om 35 skulepoeng og 3 i norsk og i fellesfaget matematikk, for opptak til allmennlærarutdanning. I 2009 og 2015 vart same krav gjort gjeldande for høvesvis lektorutdanning og treårig faglærarutdanning i praktiske og estetiske fag. Det er ikkje karakterkrav i matematikk for søkarar som har bestått samfunnsfags- eller realfagsmatematikk (S-matte og R-matte).
  • I 2017 vart grunnskulelærarutdanningane løfta til femårige masterløp.
  • I 2021 vart lærarutdanning i praktiske og estetiske fag løfta til masternivå, og vart fleirfagleg. Dei som vel matematikk i denne utdanninga, må dokumentere at dei har karakter 4.