Lanserer fem nye bygdevekstavtaler
Pressemelding | Dato: 09.01.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Fem nye pilotar skal få teste ut bygdevekstavtaler – Senterparti og Ap-regjeringa sørger no for at enda fleire distriktskommunar skal få ei bygdevekstavtale. Denne gongen har vi valt ut kommunar i fem ulike fylker for å bidra til gode idear og løysingar i heile Noreg, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).
Bygdevekstavtalane blir inngått mellom kommunane og staten. Avtalane skal bidra til busetting, tilgang på arbeidskraft og næringsutvikling i dei minst sentrale distriktskommunane.
18 kommunar i fem fylke skal samarbeide om dei nye bygdevekstavtalane. Desse er:
- Trysil, Våler, Åmot, og Engerdal i Innlandet
- Smøla og Aure, i Møre og Romsdal
- Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje i Telemark
- Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa og Kvænangen i Troms
- Solund og Fedje i Vestland
– Kommunane i dei nye pilotane har fleire spanande tema dei vil jobbe med. Til dømes ønskjer piloten frå Innlandet å undersøke korleis dei kan rekruttere til helsetenester i ei tid der det er stor konkurranse om arbeidskrafta. Deira arbeid kjem til å ha stor overføringsverdi til andre kommunar, seier Sande.
Han legg også til at det er viktig at ideane og løysingane kjem frå kommunane sjølv.
– Det er mange lokalsamfunn i Noreg som kjenner på utfordringar knytt til busetting, næringsutvikling og mangel på arbeidsfolk, og regjeringa trur dei beste løysingane på slike utfordringar kjem om vi lyttar til dei som har skoa på. Bygdevekstavtaler er eit verktøy for å løfte fram alle dei gode ideane og moglegheitene som finnast i distrikts-kommunane våre, seier Sande.
Framleis stor interesse for verkemiddelet
I fjor haust blei fem pilotar valt ut i Finnmark og Trøndelag, og dermed blir det totalt ti pilotar som skal teste ut bygdevekstavtaler i tida framover.
I denne runden fekk departementet inn 17 søknadar, fordelt på 65 kommunar i ni fylke. Fleire av årets søkarar søkte også ved førre utlysing. I valet av kven som skulle få delta har departementet mellom anna lagt vekt på kor stor betyding innsatsen kan ha for busetting, rekruttering og framtidsretta næringsutvikling i regionen dei held til.
– Den store interessa for bygdevekstavtaler viser at det er mange som har gode idear og planar for korleis vi kan gjere distrikts-Noreg til eit enda betre plass å bu og leve. Denne regjeringa har eit mål om folketalsvekst i distrikts-Noreg. Bygdevekstavtaler er saman med billigare barnehage, reduserte flyprisar, gratis ferje og breibandsatsinga viktige tiltak for å sørgje for at vi når det målet, samanfattar Sande.