CCS-konferanse i Brussel i januar
Nyheit | Dato: 10.11.2023 | Energidepartementet
Tysdag 30. januar 2024 arrangerer EFTA ein konferanse om karbonfangst og -lagring. Olje- og energiminister Terje Aasland og EUs energikommissær Kadri Simson vil vere blant innleiarane på konferansen.
EU-regelverket skal leggje til rette for å nå energi- og klimamåla for 2030 og 2050. Noreg er eit føregangsland på fangst og lagring av karbondioksid. Me har lagra CO2 på norsk sokkel sidan 1996, etablert verdas største og mest fleksible testanlegg for CO2-fangst på Mongstad, og jobbar no med satsinga på Langskip, som er Europas første verdikjede for fangst og lagring av industrielle utslepp.
Den norske satsinga har inspirert fleire europeiske land til å utvikle karbonfangst og -lagring. Under konferansen vil aktørane sjå nærare på kva dette betyr for Noreg og dei andre landa som er partar i EØS-avtalen.
Konferansen går føre seg på EFTA-huset i Brussel.