Clemet opna nasjonalt senter for nynorsk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Utdannings- og forskningsdepartementet
Pressemelding | Dato: 30.03.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet opna i dag det nye nasjonale senteret for nynorsk i opplæringa, i tilknyting til Høgskulen i Volda.(30.03.05).
Pressemelding
Nr.: 23-05
Dato: 30.mars
Clemet opna nasjonalt senter for nynorsk
Utdannings- og forskingsministerKristinClemet opna i dag det nye nasjonale senteret for nynorsk i opplæringa, i tilknyting til Høgskulen i Volda. Senteret har over statsbudsjettet for 2005 fått ei løyving på seks millionar kroner.
Det var i samband med framlegginga av stortingsmeldinga om grunnopplæringa, Kultur for læring, at Regjeringa for eitt år sidan la fram forslag om eit slikt senter. Stortinget har seinare slutta seg til framlegget. Senteret er eitt av dei seks nasjonale sentera under Utdanningsdirektoratet som arbeider med dei sentrale skolefaga.
- Vi treng eit nasjonalt senter som kan drive systematisk forsøks- og utviklingsarbeid for å fremje nynorskopplæringa. Arbeidet skal vere retta mot innhaldet i faget. Ein tek sikte på tiltak som vil styrkje kompetansen, og som kan fremje motivasjonen hos elevar og lærarar, seier Kristin Clemet.
Av arbeidsoppgåvene for nynorsksenteret kan ein særleg nemne:
- leie og koordinere arbeidet med å utvikle innhaldet, arbeidsmåtane og vurderingsformene i nynorskdelen av norskfaget
- tilby skoleeigarar og skolar støtte og rettleiing i arbeidet med motivasjon for og læring av nynorsk
- setje i verk systematisk forsøks– og utviklingsarbeid for å fremje opplæring i nynorsk
- medverke til kompetanseutvikling.