Ny giv i arbeidet for fred i Colombia
Nyheit | Dato: 25.10.2022 | Utanriksdepartementet
Anniken Huitfeldt er på sitt første besøk til Colombia som utanriksminister. Ho vil uttrykke Noregs støtte til dei nye styresmaktene i deira ambisiøse arbeid for fred i landet.
– Det er ein ny framgang i fredsprosessen i Colombia etter at Gustavo Petro vart innsett som ny president i haust. Noreg ynskjer å syne den nye regjeringa at vi støttar dette arbeidet, seier utanriksministeren.
Arbeidet med å gjennomføre fredsavtalen mellom den tidlegare Farc-geriljaen og styresmaktene held fram med fornya styrke.
Samstundes skal ein no ta opp att fredsforhandlingane mellom styresmaktene og den andre store geriljagruppa i Colombia, ELN-geriljaen. ELN-forhandlingane braut saman i 2019. Partane har forplikta seg til å starte forhandlingane igjen ein gang etter første veka i november.
– Vi held fram i rolla som garantistland i forhandlingane med ELN, og set stor pris på den tilliten partane syner oss, seier Huitfeldt.
Ambisiøs plan om «total fred»
Den nye regjeringa i Colombia kom til makta i august. President Petro er særs ambisiøs i arbeidet for å få gjennomført fredsavtalen med Farc. Noreg var med på å leggje til rette for fredssamtalane som leia fram til ein fredsavtale i 2016.
– Det er viktig for meg å syne partane at Noreg framleis støtter opp om fredsprosessen. Heile fredsavtalen som vart inngått med Farc må setjast i verk i si fulle breidde og særleg haster det med dei delane som har med årsakene til konflikten i landet å gjøre, seier Huitfeldt.
Noreg er oppteken av å styrke tryggleiken til menneskerettsforsvararar, lokale leiarar og tidlegare Farc-soldatar.
– Truslar og drap mot desse kan ikkje halde fram. Konflikten i Colombia og årsakene som ligg bak er komplekse. Det er viktig å involvere alle partar for å sikre freden. Det er også viktig å finne løysingar for eksempel på spørsmålet om fordeling av jord, seier Huitfeldt.
Huitfeldt gjesta i går provinsen Chocó, og ho skal etter planen møte visepresident Francia Márquez, utanriksminister Alvaro Leyva, miljøminister Susana Muhamad og representantar frå den tidlegare Farc-geriljaen i hovudstaden Bogotá.
– Det er ein ny giv i forholdet mellom Colombia og Noreg. Eg ser fram til å møte den politiske leiinga i deira heimland, seier Huitfeldt.
Kvinner må med
Fylket Chocó, nordvest i Colombia som utanriksministeren besøkte måndag, er eit av områda som var og framleis er mest påverka av konflikten. Som følgje av truslar og vald er rundt 60 prosent av folkesetnadeni Quibdó internt fordrevne eller har avgrensa rørslefridom. Truslar og drap på lokale leiarar, seksualisert vald og rekruttering av barn og unge til illegale grupper er utbreidd. Kvinner, urfolk og barn er spesielt utsett.
Under gjestinga til Huitfeldt lanserte den colombianske regjeringa arbeidet med sin nasjonale handlingsplan for FNs tryggingsrådsresolusjon 1325, som skal sikre at kvinner deltek i arbeidet med fredsprosessar. Kvinneorganisasjonar frå Chocó, viseutanriksministeren og presidentens likestillingsrådgjevar deltok også på lanseringa. Noreg vil støtte handlingsplanen gjennom bidrag til FN-programmet ProDefensoras.
Behova for fredsinitiativ, humanitær assistanse og støtte til lokale leiarar og menneskerettsforsvararar i Chocó er enorme, mens det statlege tilbodet til folkesetnaden hittil har vore marginalt. Noreg er ein viktig aktør, både økonomisk og politisk, og har i dag 15 prosjekt i Quibdó med vekt på fredsforhandlingar, støtte til kvinnelege leiarar og miljø- og menneskerettsforsvararar, i tillegg til humanitær assistanse og reintegrering av tidlegare Farc-soldatar.
Skog
Klima og miljø er og et høgt prioritert tema i Petros handlingsprogram. Colombias nye regjering har erklært at arbeidet mot avskoging er høgt prioritert. Nyleg presenterte ho ein ambisiøs hasteplan for å redusere avskoginga i Amazonas.
– Noreg vil fortsatt vere ein partnar for Colombia i kampen mot avskoging, seier Huitfeldt.
Noreg støtter allereie fleire av tiltaka i Petros program; som støtte til berekraftig produksjon, stans i utviding av landbruksgrensa og skogforvalting.