Delar ut 270 millionar til fritids- og ferietilbod for barn og unge
Nyheit | Dato: 19.05.2022 | Barne- og familiedepartementet
Denne veka får meir enn 700 ulike tilbod over heile landet utbetalt til saman 270 millionar i tilskot for å inkludere barn og unge.
- Tilbod som bidrar til å inkludere barn og unge er spesielt viktige i år. Sjølv om mange barn og unge er tilbake i fritidsaktivitetar no som samfunnet har opna opp igjen, er det fleire barn og unge som fortsett står utanfor. Krigen i Ukraina inneber også at fleire utsette barn kjem til Noreg. Tilgang til fritidsaktivitetar vil bidra til å inkludere barn og unge som kjem til Norge frå Ukraina. For dei er det spesielt viktig å ha et tilbod å gå til, som er gratis og lett tilgjengeleg, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.
Dei 270 millionane som no vil delast ut er den andre runda med tildelingar på ordninga Tilskot til å inkludere barn og unge i 2022. Tilskotsordninga er ny, og ein samanslåing av tre tidlegare tilskotsordningar retta mot utsette barn og unge. Regjeringa styrka tilskotsordninga med 85 millionar i 2022-budsjettet, og foreslår å styrkje ordninga med ytterlegare 10 millionar i revidert nasjonalbudsjett. Dette inneber at ordninga i år er på om lag 565 millionar kroner.
Tilskota går til kommunar, private aktørar og frivillige organisasjonar som organiserer tilboda. Ein lang rekkje ulike tilbod mottek midlar, alt frå ferieaktiviteter, jobbveiledning, utstyrssentralar og opne møteplassar.
- Ikkje alle familiar har råd til å sende barna på fotball, musikkskole eller dans. Det er viktig at det finnes tilbod ute i kommunane som er tilgjengeleg for alle barn. Det er også veldig positivt at det er ein stor bredde blant tilboda. Eg er imponert over kor kreative dei ulike aktørane er, med å finne tilbod som passer for ulike barn og unge. Nokon kan dra til den lokale utstyrssentralen og låne seg ein fotball eller eit par rulleskøyter, mens andre speler dataspel i fellesskap. Alle bør ha moglegheit til å føle seg inkludert, uavhengig av bakgrunn og interesser.
Målgruppa for ordninga er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamna i utanforskap. Målet er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking gjennom utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.
- Tilgang på fritidsaktivitetar er viktig. Det bidrar til å inkludere barn og unge og førebyggjer einsemd og utanforskap. Frivillige organisasjonar, kommunar og sosiale entreprenørar gjer eit viktig arbeid for å inkludere barn og ungdom i sosiale aktivitetar. Særleg dei barna og ungdommane som har størst behov for eit godt og gratis eller rimeleg lågterskeltilbod. Derfor er det eit viktig mål for regjeringa å støtte ordningar og tiltak som får flest mogeleg barn inn i fritidsaktivitetar, seier Toppe.
Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som forvaltar ordninga og oversikten over tildelingane finn du på Bufdir sine nettsider.