Deler ut millionar for å auka heiltidsarbeid

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa inviterer kommunar og bedrifter til å tenkja nytt om heiltid. Frå 1. september kan alle typar verksemder søkja midlar til prosjekt for auka heiltidsarbeid. 12,6 millionar kroner skal delast ut før nyttår.

– Regjeringa har styrkt retten til heiltid i lovverket. Samtidig veit me at det skal meir til for å byggja heiltidskultur. Derfor treng me meir kunnskap om kva som skal til for at fleire får høve til å jobba heiltid. Pengane som no blir lyste ut skal bidra til å få fram gode idear og nye erfaringar, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) på taket i AID
Foto: Astrid Waller

Både offentlege og private kan søkja om midlar til forsøk i verksemda si. Regjeringa ønskjer også å føra vidare potten på same nivå i 2024 og 2025. Satsinga heng saman med at regjeringa i 2023 har styrkt retten til heiltid.

Med endringane i arbeidsmiljølova skal hovudregelen i arbeidslivet vera tilsetjing på heiltid. Behov for deltidstilsetjing skal dokumenterast av arbeidsgivar og drøftast med tillitsvalde.

Grunnlag for samla kunnskap

Døme på prosjekt kan vera endring av turnusar og vaktordningar, tiltak for rekruttering til heiltidsstillingar eller andre interne endringar. Kva tiltak ein ønskjer å prøva er opp til kvar enkelt verksemd.

– Ein heiltidspott har vore etterspurd av fleire, og eg håpar både tilsette og arbeidsgivarar nyttar høvet som heiltidspotten gir. Me ønskjer kunnskap gjennom konkrete forsøk som verksemdene sjølv har tenkt ut. Gjennom det kan me endra praksisen med mykje deltid, seier Mjøs Persen.

Totalt 15 millionar kroner er sett av til dette i 2023. I tillegg til 12, 6 millionar kroner er det sett av 1,5 millionar til følgjeforsking for å få samla kunnskapen, og spreia informasjon om kva tiltak som fungerer best.

Ein av fire i deltid, og flest kvinner

I 2022 jobba 25,5 prosent av alle sysselsette deltid. Nærare 17 prosent av alle sysselsette menn, og 35 prosent av alle sysselsette kvinner.

Helse- og omsorg, varehandel og servicenæringar peikar seg ut som bransjar med mykje deltid. I forsøket skal prosjekt i bransjar med mykje deltid prioriterast.

– Alle som ønskjer å jobba i ein heil og fast stilling, må få høve til det. Mange verksemder jobbar allereie godt med dette. Med heiltidspotten opnar me for å løfta fram dei gode døma, seier Mjøs Persen.

Tildeling via NAV

NAV administrerer ordninga, men tildelinga av midlane skal skje i samarbeid med partane i arbeidslivet.