Presseinvitasjon: Deler ut nordisk samisk språkpris
Pressemelding | Dato: 16.10.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsminister Erling Sande deler ut Gollegiella – Nordisk samisk språkpris tysdag 22. oktober. Prisen går til enkeltpersonar eller organisasjon som har gjort ein innsats for å fremme dei samiske språka.
Den samiske språkprisen delast ut i Oslo Militære Samfund i Oslo tysdag 22. oktober klokka 13.00. Adresse er Myntgata 3.
Gollegiella – Nordisk samisk språkpris vert oppretta av ministrane for samiske saker i Noreg, Sverige og Finland samt sametingspresidentane i desse landa.
Prisutdelinga skjer i samband med det nordiske sameminister- og sametingspresidentmøtet, som avhaldas same dag, der sametingspresidentane og ministrane med ansvar for samiske saker i Finland, Sverige og Noreg deltek. Neste veke er det òg samisk språkuke, som markerast over heile landet. Samisk språkveke er viktig for å synleggjere og auke kunnskapen om dei samiske språka i heile samfunnet.
Presse er velkommen til å delta på prisutdelinga.
For spørsmål, kontakt pressevakt i Kommunal- og distriktsdepartementet på telefon 22 24 25 00 eller presse@kdd.dep.no.