Deler ut pengar for å ta igjen tapt fagleg og sosial læring og utvikling

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

66 kommunar og alle fylkeskommunane mottek i desse dagar pengar som skal nyttast til tiltak for å ta igjen tapt fagleg og sosial læring hos barn og elevar. Pengane er fordelt slik at område med høgt smittetrykk og strengaste tiltak får meir enn område med lågare smittetrykk.

– Pandemien har råka skule- og barnehagekvardagen til barn og unge hardt, men det har vore variasjonar mellom kommunar i smittetrykk og tiltaksbyrde. Eg er opptatt av at midla blir tildelt områda der behova er størst, slik at midla ikkje blir smurde for tynt utover, seier kunnskapsminister Tonje Brenna.

Tilskotet skal motverke at skilnadane mellom elevane aukar på grunn av pandemien. Det skal òg bidra til sosial utjamning sidan det kjem barn og unge med dei største behova til gode.

– Denne regjeringa har styrka dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane kraftig. Vi er òg tydelege på at vi skal dekka kostnadene kommunane og fylkeskommunane har i samband med pandemien, seier Brenna.

66 av 356 kommunar landet rundt og alle fylkeskommunane får tilskot. Det same gjeld 198 av 332 privatskular.

Til saman er det 216 millionar kroner som er fordelt.

Sjå oversikta

Oversikt over kommunar

Nord-Fron kommune

242 970

Råde kommune

364 897

Gjerdrum kommune

382 567

Rakkestad kommune

383 451

Lunner kommune

455 016

Farsund kommune

497 720

Hammerfest kommune

548 376

Ørsta kommune

566 341

Lyngdal kommune

591 079

Lillesand kommune

605 805

Enebakk kommune

607 277

Gran kommune

626 715

Frogn kommune

700 342

Kongsvinger kommune

716 540

Nannestad kommune

776 620

Vennesla kommune

825 509

Aurskog-Høland kommune

852 014

Stange kommune

961 572

Øvre Eiker kommune

968 051

Elverum kommune

1 015 761

Nesodden kommune

1 034 610

Vestby kommune

1 039 911

Ås kommune

1 052 575

Rælingen kommune

1 065 533

Nes kommune

1 166 255

Holmestrand kommune

1 196 590

Lindesnes kommune

1 196 884

Stjørdal kommune

1 225 452

Horten kommune

1 253 430

Færder kommune

1 265 505

Ringerike kommune

1 327 352

Kongsberg kommune

1 333 536

Hamar kommune

1 337 365

Eidsvoll kommune

1 369 761

Nittedal kommune

1 430 135

Halden kommune

1 432 786

Lier kommune

1 438 971

Sola kommune

1 613 614

Porsgrunn kommune

1 650 723

Haugesund kommune

1 769 410

Askøy kommune

1 842 742

Øygarden kommune

2 150 799

Lørenskog kommune

2 159 929

Indre Østfold kommune

2 171 414

Larvik kommune

2 190 263

Moss kommune

2 194 386

Ullensaker kommune

2 230 611

Skien kommune

2 523 647

Bodø kommune

2 563 406

Tønsberg kommune

2 611 705

Sarpsborg kommune

2 771 624

Sandefjord kommune

2 999 868

Ålesund kommune

3 232 530

Nordre Follo kommune

3 379 785

Tromsø kommune

3 639 836

Fredrikstad kommune

3 791 508

Sandnes kommune

4 528 664

Lillestrøm kommune

4 556 053

Drammen kommune

4 916 827

Asker kommune

4 992 515

Kristiansand kommune

5 635 428

Bærum kommune

6 957 479

Stavanger kommune

7 172 765

Trondheim kommune

9 584 204

Bergen kommune

12 959 277

Oslo kommune

30 111 771

Fylkeskommunar

54 Troms og Finnmark

765 975

18 Nordland

778 423

15 Møre og Romsdal

921 976

42 Agder

1 038 063

34 Innlandet

1 236 645

38 Vestfold og Telemark

1 392 053

50 Trøndelag

1 494 901

11 Rogaland

1 632 723

46 Vestland

1 935 141

03 Oslo

6 769 459

30 Viken

15 989 472

 

Dei resterande ni millionane er fordelt til privatskulane.