Gransking av utanlandsadopsjonar
Delrapport med førebelse utgreiingar om adopsjonar frå Colombia og Ecuador
Nyheit | Dato: 22.01.2025 | Barne- og familiedepartementet
I dag fekk barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) overlevert ein delrapport frå granskingsutvalet for utanlandsadopsjonar.
– Den øvste prioriteten til norske styresmakter er at adopsjonar skal vere trygge, og i tråd med barnets beste. Rapporten vi har fått er alvorleg og tyder på at det norske systemet tilbake i tid ikkje har vore sikkert nok. Delrapporten viser at det var riktig av regjeringa å få gjennomført ei ekstern gransking av adopsjonssystemet i Noreg, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
Regjeringa sette i 2023 ned granskingsutvalet, som ser på adopsjon i eit historisk perspektiv. Utvalet skal greie ut om norske styresmakter har hatt god nok kontroll med utanlandsadopsjonar, og om det har vore ulovlege eller uetiske forhold i samband med utanlandsadopsjonar til Noreg.
– Utvalet har arbeida grundig og kome med viktig og alvorleg informasjon. Granskinga vil halde fram ut året, og eg ser frem til den ferdige rapporten, seier Toppe.
Endring
Adopsjonssystemet internasjonalt og i Noreg har vore igjennom ei rekkje endringar dei siste tiåra. Krava til dokumentasjon har blitt grundigare, og i løpet av det siste året har kontrollen med utanlandsadopsjonar vorte styrkt ytterlegare. For å få vissheit om rettstryggleiken i adopsjonssamarbeida her og no, blei det i 2024 gjort ein gjennomgang av dei konkrete formidlingsløyva til landa som Noreg samarbeider med i dag, medan granskinga ser på adopsjonar i eit historisk perspektiv.
– Eg meiner ikkje at det er mistanke knytt til alle adopsjonar til Noreg, og er oppteken av at vi ikkje må generalisere. Når vi snakkar om adopsjonar, så snakkar vi om enkeltpersonar og familiane deira, og dei har rett til å eige sin eigen identitet og historie, seier Toppe.
Funna og vurderingane i delrapporten er førebelse, og utvalet skal levere sin endelege rapport i desember 2025.
– Eg veit at fleire kjem til å ha spørsmål om kva slags oppfølging delrapporten kjem til å få. Dette er spørsmål vi må kome tilbake til, men delrapporten er starten på eit godt kunnskapsgrunnlag for slike vurderingar, og eg skal setje meg grundig inn i den, seier Toppe.
Regjeringa har fått på plass ei rekkje etteradopsjonstiltak, og er oppteken av å sikre oppfølginga av adopterte. Dei som har behov for råd og rettleiing, kan kontakte kompetansetenesta for adopsjon i Bufetat region aust. Les meir om det her.
Delrapporten er tilgjengeleg her: