Demokratiske framsteg i Guatemala
Nyheit | Dato: 07.06.2024 | Utanriksdepartementet
– Valet i 2023 og innsetjinga av ny president i år markerte eit historisk skifte og ei ny moglegheit for Guatemala. Eg er imponert over viljen til å stå opp for demokrati og menneskerettar som eg møtte i landet, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.
Noreg har hatt ei viktig rolle i Guatemala sidan byrjinga av 1990-talet. Som ein av støttespelarane til fredsavtalen, har Noreg hjelpt til på vegen mot fred og stabilitet i over 30 år. Under besøket sitt i Guatemala møtte Tvinnereim den nye presidenten i Guatemala, Bernardo Arévalo.
– Det var eit godt møte der eg gratulerte presidenten med valet og den demokratiske utviklinga han arbeider for. Arévalo og støttespelarane hans er tydelege forsvararar av prinsippa for rettsstaten og kampen mot korrupsjon. Det er oppløftande å sjå ambisjonane til presidenten for eit inkluderande demokrati i Guatemala, seier Tvinnereim.
Tvinnereim besøkte òg innsjøen Atitlán, som har hatt store forurensingsproblem i mange år. I denne regionen har det òg vore grove menneskerettsbrot. Diskriminering av Maya-urfolket er eit vedvarande problem. Tvinnereim møtte organisasjonar som jobbar for miljø, menneskerettar og betre levekår for urfolk.
– Eg er imponert over innsatsen og viljen til å gjere ein skilnad. Deira arbeid for å styrkje menneskerettar og nedkjempe forureining og klimaendringar er beundringsverdig. Dette arbeidet er ekstremt viktig, ikkje berre for å sikre betre levekår, men også for å fremje demokratiet i Guatemala, seier Tvinnereim.
Mattryggleik er ei stor utfordring i Guatemala. Landet er rangert som nummer seks i verda for høgast grad av underernæring, og nummer éin i Latin-Amerika og Karibia. Heile 47 prosent av barn veks for lite fordi dei ikkje får rett næring. Værfenomena El Niño og La Niña er forventa å forverre mattryggleiken i 2024. Under besøket annonserte utviklingsministeren ein ny avtale med FN sitt matvareprogram for å styrkje småbønders motstand mot klimaendringar slik at dei mellom anna kan dyrke i tørre område.
– Mattryggleik er ein hovudprioritet utviklingspolitikken vår. Avtalen med WFP vil bidra til at dei ramma lokalsamfunna styrkjer sin matsuverenitet og tilgang til ernæringsrik mat gjennom heile året. Å styrkje småbønders evne til å tilpasse seg klimaendringane for å forbetre mattryggleiken er ei god investering, seier Tvinnereim.
Sidan valet i 2023 har Guatemala gått gjennom ein utfordrande overgangsperiode. Noreg har følgt situasjonen tett og støtta oppunder dei demokratiske prinsippa i tida før valet og fram til president Arévalo blei innsett i januar 2024. I tillegg har Noreg støtta den nye regjeringa med bistandsmidlar i overgangsfasen slik at dei var best mogleg rusta då dei tok over i januar 2024.
– Guatemala representerer eit lyspunkt i ei tid der vi ser demokratiske tilbakeslag over heile verda. Landet kan regne med framleis støtte frå Noreg. Guatemala er òg ein nær alliert innanfor globale spørsmål og vi ser fram til å samarbeide nært i FN og andre viktige internasjonale fora, seier Tvinnereim.