Den internasjonale holocaustdagen 27. januar 2024

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– I dag skal vi minnast offera for nazistane sin utrydningspolitikk. Eg vil oppfordre alle til å ta del i minnemarkeringane som arrangerast fleire stadar i landet, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Under andre verdskrig blei 773 norske jødar sende frå Noreg til dødsleirane i Tyskland og Polen i åra 1942–1945. Romar, menneske med funksjonsnedsettingar, homofile, og politiske fangar var òg blant dei som blei drepne.

Holocaust refererer til folkemordet det nazistiske Tyskland utførte frå 1938 til 1945. Auschwitz-Birkenau, den største dødsleiren, blei frigjort 27. januar 1945. Denne dagen har FN utpeikt som den internasjonale holocaustdagen.

Vi må ikkje gløyme

Holocaustdagen er ikkje berre ein dag for å minnast, det er òg ein dag der nye generasjonar får moglegheit til å lære om dei ytste og mest grufulle konsekvensane av totalitære ideologiar, antisemittisme og rasisme. 

– Vi må heile tida jobbe for at dette ikkje skjer igjen. Det er urovekkande når krig og konflikt fører til at antisemittisme og hatefulle ytringar mot minoritetar brer om seg her i landet, seier Sande.

Regjeringa vil leggje fram ein ny handlingsplan mot antisemittisme, som mellom anna skal styrke arbeidet med å redusere fordommane mot jødiske nordmenn.

– Det er dessverre ingen tvil om at det er behov for vedvarande og auka innsats mot antisemittisme no. Alle i Noreg skal vera trygge og ein del av fellesskapet vårt uansett kva religion eller bakgrunn ein har, seier statsråden.

I Oslo blir holocaustdagen kvart år markert ved Akershuskaia i Oslo, i regi av Senter for studier av Holocaust og livssynsminoritetar. Hovudtalar i år er utanriksminister Espen Barth Eide.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.