Alle reinhaldsarbeidarar er tilbake i Forsvaret

- Regjeringa vil at alle tilsette skal ha ein trygg og god arbeidskvardag. Derfor skal reinhaldet i Forsvaret no tilbake til sektoren og bli utført av tilsette i Forsvarsbygg. Det er ei fin start på året å kunne markere at vi no er i mål, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

- Vi har gledd oss til at alle reinhaldsarbeidarane og reinhaldsleiarane i forsvarssektoren skal bli kollegaene våre. Hos oss er dei del av fellesskapet og skal få ein god arbeidsplass. Reinhaldstenesta blir del av førstelinjevedlikehaldet og skal tilfredsstille forventningane brukarane har til kvalitet og vere berekraftig over tid, seier direktør Thorbjørn Thoresen i Forsvarsbygg.

Reinhaldet vart konkurranseutsett i 2016 av Høgre-regjeringa. Eit av løfta i Hurdalsplattforma var å tilbakeføre det til Forsvaret. Regjeringa vedtok i 2023 at reinhaldsarbeidarane skulle tilsetjast i Forsvarsbygg. Dei første reinhaldsarbeidarane kom tilbake på slutten av 2023, og med overføringa på Skjold ved inngangen til 2025 er alle tilbake som forsvarstilsette.

- Vi er alle heilt avhengige av reinhaldsarbeidarane, og det er viktig at vi varetek dei på ein god måte. Dei er viktige for Forsvarets oppdrag og arbeid. Regjeringa er oppteken av kvalitet og gode arbeidsforhold. Reinhaldsarbeidarane er ein del av fellesskapet, ikkje noko som blir sett ut på anbod kvart fjerde år, seier Gram.

Det er mykje å halde reint. Forsvaret har om lag 13.000 bygningar. I åra framover vil det bli endå fleire. Forsvaret skal vekse mykje. Det betyr også meir reinhald. Regjeringa sine klare føringar er at dagens effektivitets- og kostnadsnivå skal haldast oppe, saman med kvaliteten.