Regjeringas forslag til omprioriteringar i kulturbudsjettet

Frivilligsentralar

– Vi ønsker òg å legge til rette for at det blir oppretta fleire frivilligsentralar. Frivilligsentralane skapar aktivitet og viktige fellesskap for, og med, folk i heile landet. Dei legg òg til rette for gode samarbeid mellom kommunar og frivillige organisasjonar, seier kultur- og likestillingsministeren.

Regjeringa foreslår å auke bevillinga til frivilligsentralar med 23,2 millionar kroner. Den totale bevillinga i 2023 blir no 244,4 millionar kroner.

Momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg

– Idrettsanlegg gir grunnlag for breie og inkluderande aktivitetstilbod i heile landet, og dei skaper gode lokalsamfunn. Derfor er det avgjerande å sikre gode og føreseielege rammevilkår for dei idrettslaga som bygger anlegg, seier Trettebergstuen.

Regjeringa foreslår ei tilleggsbevilling på totalt 70,8 millionar kroner til momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Bevillinga skal sikre full kompensasjon for alle godkjende søkarar i 2023.

Nationaltheatret

– Vi skal finne ei løysing som bevarer Nationaltheatret for framtida. I mellomtida må vi sikre bygget slik at Nationaltheatret kan vere i trygg drift fram til teaterbygningen rehabiliterast. Dette er avgjerande for at teateret kan halde opent for publikum og tilsette, seier statsråden.

Regjeringa foreslår å auke bevillinga til Statsbygg for sikring av teaterbygningen med 20 millionar kroner i 2023.

Norsk Skogfinsk Museum

– Kulturen og historia for våre minoritetar er viktig for vår nasjonale historie. Vi utvidar derfor ramma til det nye formidlingsbygget til Norsk Skogfinsk Museum, seier Trettebergstuen.

Regjeringa foreslår å auke ramma til Norsk Skogfinsk Museum sitt nybygg på Svullrya med 20 millionar kroner, samt eit tilskot på 2 millionar kroner til å forberede innflytting i det nye bygget. Dette vil gjere det mogleg å realisere prosjektet til tross for den ekstraordinære prisstigninga som har vore etter at museet fekk tilsegn om stønad i statsbudsjettet for 2021.

Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023

Fordeling av 107 millionar kroner til ulike kultur- og fritidstiltak
Tiltak Sum
Anno museum – auka driftstilskot til nybygg Elverum 4 millionar kroner
Aust-Agder museum og arkiv - UNESCO Setesdal 1,5 millionar kroner
Balansekunst, Nord-Norge 1 million kroner
Brageteateret – prosjekt 1 million kroner
Buskerudmuseet – bygningsvern 1 million kroner 
Bymuseet i Bergen - Magnus Lagabøte landslovjubileum 2024 2 millionar kroner
Dalane Folkemuseum – auka driftstilskot Jøssingfjord vitenmuseum 2 millionar kroner
Dataspillmiljø, Kåfjord 300 000 kroner
Ekstremsportveko 1 million kroner
Fargespill Kristiansand 500 000 kroner
Fargespill Larvik 500 000 kroner
Fargespill Østfold (Halden og Fredrikstad) 500 000 kroner
Fargespill Ålesund 500 000 kroner
Femundløpet/VM i hundekøyring 1 million kroner
Festspillene i Nord-Norge 1 million kroner
Fritidsklubbløftet/Ungdom og Fritid 15 millionar kroner
Færder: «Stopp hatprat» 500 000 kroner
Game House Arendal 1 million kroner
Grenland Friteater – detaljprosjektering 200 000 kroner
Grimstad: Rasisme sammen 500 000 kroner
Hamar game collective: prosjekt 1 million kroner
Haugesund Teater Investering 2 millionar kroner
KIGO ­– Kultur i Gamle Oslo 1 million kroner
Kristiansand: Senter for likestilling ved Universitetet i Agder 1 million kroner
Kristiansund: Normoria kulturhus (til Operaen i Kristiansund og Nordmørsmusea) 1 million kroner til kvar
Kvääniteatteri (Kvænteateret) 500 000 kroner
Kåre Tveter - Galleri Lyshuset 500 000 kroner
Leselyst Bergen – Litteraturhuset i Bergen 1,5 millionar kroner
Leselyst Fredrikstad – Litteraturhuset i Fredrikstad 1 million kroner
Leselyst Odda – Sentralbadet litteraturhus i Odda 250 000 kroner
Leselyst Oslo – Litteraturhuset i Oslo 1,5 millionar kroner
Leselyst Skien – Litteraturhuset i Skien 250 000 kroner
Leselyst Trondheim – Litteraturhuset i Trondheim 1 million kroner
Leveld kunstnartun: 10 års jubileumsfestival 300 000 kroner
Lillehammer: Kulturhjerte på Lillehammer 1 million kroner
Lillestrøm: Unge Viken Teater 2 millionar kroner
MiA-Museene i Akershus – Roald Amundsens heim Uranienborg 1 million kroner
Mjøsmuseet – Industrimuseum på Raufoss 1 million kroner
Musea i Sogn og Fjordane – Kystmuseet i Florø 1 million kroner
Musea i Sogn og Fjordane, auka tilskot til vernebygg over båten Holkevikejekta i Gloppen 2 millionar kroner
Museene Arven - 200-årsjubileum for Ole Vig i 2024 1 million kroner
Museene Arven - innhald til ny utstilling i Vitensenteret 7 millionar kroner
Museene i Sør-Trøndelag – auka drift til Orkla Industrimuseum 2 millionar kroner
Museum Nord – Gaia Vesterålen 500 000 kroner
Museum Stavanger – revitalisering av samlingane, publikumsmagasin 2 millionar kroner
Musikk i fengsel og frihet 600 000 kroner
Norsk Bergverksmuseum, utstillingar 3 millionar kroner
Norsk Folkemuseum – Ibsen Museum og Teater i Oslo 2 millionar kroner
Norsk Industriarbeidermuseum – drift av nytt vernebygg Vemork 2 millionar kroner
Norsk Revyfaglig senter på Høylandet 1 million kroner
Norsk Skogfinsk Museum – auka driftstilskot for innflytting i nybygg på Svullrya 2 millionar kroner
Nynorsk kultursentrum - nynorsk-satsing Vinjesenteret 1 million kroner
Nynorsk kultursentrum – nynorsk-satsing Volda 2 millionar kroner
Operafestival Røykenvik 1 million kroner
Peacepainting i Bindal 1 million kroner
RiddoDuottarMuseat 2 millionar kroner
Rosendal Teater 1,4 millionar kroner
Samovarteateret 650 000 kroner
Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) 2,5 millionar kroner
Skibladner - digitaliseringsprosjekt 500 000 kroner
Sunnhordaland Museum – auka tilskot til fornying av Sunnhordlandstunet 1 million kroner
Teateret vårt 2 millionar kroner
Tromsø kommune: Oppstart av prosjektering av samlokalisering av Arktisk Filharmoni og Nordnorsk Kunstmuseum 4 millionar kroner
Turneteateret i Verdal 1 million kroner
Tønsberg «Papirhuset Teater» 1 million kroner
Valdres internasjonale kammermusikkfestival 1 million kroner
«Verdens beste korpskommune» Alver kommune 1 million kroner
Verdensarvsenter for bergkunst - Alta museum – universell utforming 150 000 kroner
Vest-Agder-museet. Hægebostad -utvikling av folkevandringsformidling 1 million kroner
Villa Lunde 200 000 kroner
Vinterlysfestivalen – kulturhovudstadsår 500 000 kroner
Østfold Internasjonale Teater: kultur til skole 1,7 millionar kroner
Østfoldmuseene - miljøsertifisering 500 000 kroner