Fiskeri- og havministeren besøker Austevoll og Bergen måndag 15. januar

Presentasjon av kvotemeldinga og besøk til skule og bedrifter står på programmet når fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth (Ap) kjem til Vestlandet.

Statsråden er tilgjengeleg for media. Presse som ønsker å dekke reisa kan kontakte kommunikasjonsrådgjevar Halvard Wensel på 971 80 784 eller halvard.wensel@nfd.dep.no

Program:

Måndag 15. januar

Austevoll

09:15-10:15
Skulebesøk: Austevoll vgs. Naturbrukslinja.
Sauganeset 18, 5392 Storebø

10:30-11:30
Bedriftsbesøk: Halstensen Rederi
Bekkjarvik 76, 5397 Bekkjarvik

12:30-14:30
Møte med næringa: Statsråden presenterer og diskuterer kvotemeldinga med lokale fiskeriaktørar på eit arrangement i regi av Bergen Næringsråd.
Løo, 5397 Bekkjarvik

Bergen

16.00
Program i regi av lokallaget til Arbeiderpartiet