Kommunal- og distriktsdepartementet fastset prioriterte tilsynsområde for kommunane

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Kommunal- og distriktsdepartementet ber kommunane fortsette å prioritere tilsyn med at sikkerheit mot naturfarar er ivaretatt ved bygging, og at etableringa av hyblar og bueiningar i eksisterande bygg er lovlege.

–Skadane som følge av ekstremvêr som «Hans» viser kor viktig det er å ha kontinuerleg søkelys på sikkerheita mot naturfarar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Tilsyn med at det er utarbeida dokumentasjon for oppfylling av krav til sikkerheit mot natur er viktig fordi det kan få direkte betydning for enkeltpersonar si sikkerheit.

–For innbyggarane kan det opplevast som tryggande å vite at kommunane prioriterer tilsyn som har betydning for deira sikkerheit. Det kan òg bidra til å motverke at det oppstår farlege situasjonar og store økonomiske tap, seier statsråden.

Tilsyn med at hyblar og bueiningar er søkt om og lovleg støttar opp om bustaddugnaden, og er med på å sikre tilfredsstillande buforhold for flyktningar og andre på leigemarknaden.

Det er likevel viktig å vere klar over at kommunen ikkje har noko med om ein bustad eller ein del av ein bustad blir brukt av eigaren sjølv eller om han blir leigd ut. Det sentrale etter plan- og bygningslova er at arealet som blir brukt, og eventuelt leigd ut, er godkjent som bustadareal. Kommunen kan òg føre tilsyn for å ettergå at minimumskrava i byggteknisk forskrift er oppfylt, det gjeld mellom anna krav til rømingsvegar.

Det er grunn til å tru at det framleis kan vere bueiningar og hyblar som er etablert ulovleg og blir leigd ut i den private marknaden.

–I verste fall kan den ulovlege bruken gå ut over personsikkerheita, seier Gjelsvik.

Kommunal- og distriktsdepartementet har derfor bestemt å vidareføre dagens prioriterte tilsynsområde for kommunane i to nye år.

Sjå endring i byggesaksforskrifta her