Det blir lettare å dele prøvesvar
Nyheit | Dato: 12.02.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
– Både fagfolk og pasientar treng å sjå prøvesvar. Derfor gjer vi det no lettare å dele dette. Løysinga heiter Pasientens prøvesvar, fortel helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
Pasientens prøvesvar er ei ny teneste som er under teknisk utprøving. Tenesten skal gi helsepersonell og innbyggarar tilgang til alle typar laboratorie- og radiologisvar, uavhengig av kven som har bestilt undersøkinga og kor den er utført.
Ny forskrift vedtatt
Det var 2. februar at forskrift om nasjonal kjernejournal blei vedtatt. Denne legg opp til at vi som innbyggarar får tilgang til alle prøvesvara våre på helsenorge.
– Dette bidrar til at vi i større grad kan ta aktiv del i eige behandlingsopplegg og eigen helse. I tillegg får helsepersonell trygg og sikker tilgang til prøvesvar i kjernejournal, fortel Kjerkol.
Raskare diagnostisering
Tilgang til relevante prøvesvar skal bidra til raskare diagnostisering og betre kvalitet i helse- og omsorgstenestene, og vi unngår unødvendige undersøkingar.
Det er berre helsepersonell med tenestleg behov som kan få tilgang til nødvendige og relevante helseopplysningar frå nasjonal kjernejournal. Det er strenge krav til personvern.
Overføring av dataansvar
Regjeringa vedtok samtidig å overføre dataansvaret for kjernejournal og reseptformidlaren (e-resept) frå Norsk helsenett SF til Helsedirektoratet.
Dette er ei oppfølging av arbeidet med endringar i organiseringa av den sentrale helseforvaltninga. Det inneber ikkje endringar i eigarskap til tekniske løysingar og infrastruktur.