Dette er finalistane i utmerkingane for sunnare kosthald
Nyheit | Dato: 13.12.2022 | Helse- og omsorgsdepartementet
Aktørar i matvarebransjen konkurrerer om utmerkingar for særleg god innsats i arbeidet for eit sunnare kosthald. Måndag kunngjorde helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol finalistane.
Matvarebransjen har forplikta seg til å legge til rette for sunne kosthaldsval gjennom intensjonsavtalen for eit sunnare kosthald.
Prisar i to kategoriar
Utmerkingane for sunnare kosthald er ein honnør til aktørar som gjer ein særleg innsats i dette arbeidet, og det blir delt ut prisar i kategoriane sunnare produkt og sunnare marknadsføring.
– Det blir lagt ned mykje arbeid for å fremme dei sunnare vala og gjere kvardagsprodukta sunnare. Matvarebransjen er ein viktig samarbeidspartnar for oss på dette området, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
Dette er finalistane
Det har komen inn 23 nominasjonar i kategorien sunnare produkt og 18 nominasjonar i kategorien sunnare marknadsføring.
Nominasjonane er vurderte av ein eigen jury, som også har plukka ut dei tre finalistane i kvar kategori.
Finalistane i kategorien sunnare produkt
- Grilstad med Lev Litt Lettere-serien
- ISS med matfilosofien Good Mood Food
- Unil med First Price, ernæringsmessige gode val til ein lågare pris
I si grunngiving trekk juryen fram at alle dei nominerte produkta på kvar sin måte kan bidra til at forbrukarar får i seg mindre salt og metta fett, og meir fisk og sjømat, grove kornprodukt, frukt og grønt.
Vidare seier juryen at ved å redusere innhaldet av salt og metta fett i kvardagsprodukta når ein mange, kanskje også dei som ikkje er så opptatte av kosthald. Dette kan ha ein positiv verknad for folkehelsa, og bidra til å redusere sosiale forskjellar i kosthaldet.
Finalistane i kategorien sunnare marknadsføring
- Baker- og konditorbransjens Landsforening (BKLF) med Brødskala'n – ei merkeordning som bidrar til auka forbruk av sunne, grove kornprodukt
- Opplysningskontoret for frukt og grønt (OFG), med gulrot frå jord til bord/5 om dagen barnehage
- REMA 1000, som støttar aktiv idrett med frukt og grønt på idrettsarrangement
Juryen skriv at dei tre finalistane i kategorien sunnare marknadsføring bidrar til auka kunnskap om mat som myndigheitene ønsker vi et meir av – grove kornprodukt, frukt, bær og grønsaker.
Merkeordningar skal gjere det lettare for forbrukarar å velje dei sunnaste alternativa. Auka tilbod på arenaer der barn og unge er til stades skal gjere det enklare for barna å velje sunt. Kosthaldstiltak retta mot barn og unge er viktige for å etablere gode matvanar tidleg.
Juryen har bestått av
- Kristin Hollung, avdeling mat og helse, Nofima, juryleiar
- Lars Erling Olsen, institutt for marknadsføring, Handelshøyskolen BI
- Nanna Lien, avdeling for ernæringsvitenskap, Universitetet i Oslo
- Annechen Bahr Bugge, Forbruksforskingsinstituttet SIFO, OsloMet
Helsedirektoratet har sekretariatsfunksjon for utmerkingane, men sit ikkje i juryen.
Vinnarane blir kåra 16. februar 2023
Vinnarane av intensjonsavtalene sine utmerkingar blir kåra på #MerAv-steminar Spisevaner endres raskt i krisetider – mulighetsrom for det vi skal spise mer av.
Arrangementet finn stad ved UMAMI Lillestrøm torsdag 16. februar kl 10.00 – 11.30.
- Intensjonsavtalen sine utmerkingar for 2022 (Helsedirektoratet)
- Intensjonsavtalen for eit sunnare kosthald (Helsedirektoratet)
- UMAMI Lillestrøm 14. - 17. februar 2023 (lenke til umamiarena.no)