Dialogen om klimapartnarskap for byggenæringa er i gang
Pressemelding | Dato: 04.06.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet, Klima- og miljødepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet, NHO Byggenæringen og Fellesforbundet legg i dag fram eit kunnskapsgrunnlag om klimaavtrykket frå byggenæringa klimafotavtrykk. Arbeidet med eit felles kunnskapsgrunnlag er eit viktig første steg i dialogen om ein klimapartnarskapsavtale, og partane er no i gang med å drøfte innhaldet i avtalen.
– Skal vi lukkast med å omstille den norske økonomien til å bli eit lågutsleppssamfunn, må næringa og styresmaktene spele kvarandre gode. Det er bakgrunnen for klimapartnarskapet, og eg er glad for at vi no har nådd ein viktig milestolpe i arbeidet. Med dette felles kunnskapsgrunnlaget kan vi no for alvor gå i gang med å meisle ut ei avtale med gode konkrete tiltak for å kutte utslepp i byggenæringa, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).
Dette er første gong Kommunal- og distriktsdepartementet og byggenæringa ved både arbeidstakar- og arbeidsgivarsida samarbeider om en felles rapport på denne måten.
– Ei samla byggenæring er motivert for å bidra til å redusere klimagassutslepp. Med denne klimapartnarskapsdialogen får vi moglegheita til å vere tett på myndigheitene når de utarbeidar både krav og insentiv som skal få fart på det grøne skiftet. Vi har stor tru på samarbeid mellom partane i arbeidslivet for å løyse samfunnsutfordringar. Mange bedrifter er langt framme i dette arbeidet, og det er viktig neste skritt å ta den beste kunnskapen vi har og gjere han til noko alle kan, seier Nina Solli, administrerande direktør i NHO Byggenæringen.
Kunnskapsgrunnlaget gir ein gjennomgang av verdikjeda og kva aktørar som er involvert i ulike aktivitetar.
– Medlemmane i Fellesforbundet bidreg kvar dag til den grøne omstillinga ute på byggeplassane og i byggeindustrien, og vi er motiverte for å bidra endå meir! No som kunnskapsgrunnlaget er på plass, er det viktig at næringa og myndigheitene blir einige om ein forpliktande og konkret avtale som kan gi reelle utsleppskutt. Det er når alle dreg i same retning at vi får til dei beste resultata, og tida er no inne for å gå frå ord til handling, seier Christian Justnes, forbundssekretær i Fellesforbundet.
Klimapartnarskap skal vere ein arena for dialog om grøn omstilling mellom stat og ulike delar av næringslivet. Det overordna målet er å få gjennomført samfunnsøkonomisk lønnsame tiltak i næringslivet som bidreg til å kutte klimagassutslepp i tråd med Noreg sine klimamål for 2030 og 2050 og regjeringa sitt omstillingsmål for heile økonomien.
– Vi må sjå tiltak i samanheng, og både styresmakter og næringa må bidra. Utsleppa skal ned og det beste er når næringsaktørane får konkurrere om å levere dei beste klimaløysingane. Eg er glad for at byggenæringa har tydelege ambisjonar både for utslepp i byggjefasen og energibruk i bygg, og er utolmodige. Regjeringa er oppteken av at vi nyttar dialogen til å finne grep som reduserer klimafotavtrykket frå bygging så raskt som mogleg – til lågast mogleg kostnad, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Kunnskapsgrunnlaget viser mellom anna at det klart største klimafotavtrykket er knytt til byggematerialar og -varer, og at det er avgjersler tatt tidleg i prosessane som har størst betydning for kva klimafotavtrykket blir.
Direktoratet for byggkvalitet har bidrege med fagkompetanse i arbeidet med kunnskapsgrunnlaget.
– Kunnskapsgrunnlaget har gitt oss nyttig innsikt i kva som har størst betyding for klimafotavtrykket frå bygging. Direktoratet har viktige oppgåver med å vurdere korleis klimafotavtrykket kan reduserast, og vi tar erfaringane med oss i det vidare arbeidet, seier Per Arne Horne, direktør i Direktoratet for byggkvalitet.