Dialogmøte med trus- og livssynssamfunn

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Onsdag møtte statsminister Jonas Gahr Støre og barne- og familieminister Kjersti Toppe representantar frå ulike norske trus- og livssynssamfunn til dialogmøte. Situasjonen i Midtausten og konsekvensar også her heime var tema for dialogen.

– Krigen mellom Israel og Hamas i Gaza spreier mørke skuggar over Midtausten. Brutale angrep på sivile og store humanitære lidingar påverkar menneske langt utover regionen – også her heime, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

Bilder fra dialogmøtet

1 / 4
Gruppebilde av deltakerne på dialogmøtet.
False
2 / 4
Møtedeltakere rundt et bord i Parkveien.
False
3 / 4
Møtedeltakere rundt et bord i Parkveien 45.
False
4 / 4
Møtedeltakere lytter til statsminister Støre rundt møtebord.
False

Auka polarisering og splitting

Situasjonen i Midtausten fører også til auka polarisering og splitting også i Noreg.

– Vi må gjere alt vi kan for å motarbeide polarisering og splitting i det norske samfunnet. Ordskiftet er tilspissa, og ein del eg møter og snakkar med er urolege. Vi har alle eit ansvar for at den einskilde kjenner seg trygg i landet vårt. At nokon no får truslar basert på kven dei er eller kva dei trur på er uakseptabelt, og noko vi tar på stort alvor. Krigen i Midtausten er ikkje ein krig mellom religionar, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

For å sikre god dialog om korleis vi kan førebyggje splitting og oppretthalde samhald og tillit, inviterte derfor statsministeren og barne- og familieministeren til dialogmøte med ulike trus- og livssynssamfunn i dag.

– Målet med møtet var å høyre deira syn på korleis vi i ei tid som for mange er prega av frykt og uro kan fortsetje den gode dialogen. Og korleis vi saman kan bidra til å førebyggje splitting og oppretthalde samhold og tillit i det norske samfunnet. Eg opplever at det var eit viktig møte og god dialog, seier statsministeren.

Bekymring og uro

Mange nordmenn kjenner no på bekymring og uro.

– Ein del nordmenn har nær tilknyting til Midtausten gjennom familie, vener eller trustilhøyrsle. Den opne og fortrulege dialogen mellom storsamfunnet og ulike trus- og livssynssamfunn er ein styrke for det norske samfunnet. Gjennom å snakke saman aukar vi forståinga for kvarandre si tru og livssyn, og vi bidrar til å styrkje tillit og samhald. Det auka konfliktnivået i Midtøsten understrekjer viktigheita av at vi snakkar saman. Eg opplever at det var ein god dialog på møtet i dag, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.

I Noreg har trus- og livssynssamfunna hatt forpliktande dialog og samtale sidan tidleg på 1990-talet. Regjeringa meiner denne dialogen er viktig i eit livssynsope samfunn der alle har respekt for og kunnskap om kvarandre si tru og livssyn.

Desse var inviterte til dialogmøtet:

  • Den norske kyrkje
  • Det Mosaiske Trossamfund
  • Islamsk Råd Norge
  • Muslimsk Dialognettverk
  • Norges Kristne Råd
  • Oslo katolske bispedømme
  • Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn