Presseinvitasjon

Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung og statssekretær Tomas Norvoll får rapport om digitale tenester og teknologi

Onsdag 16. oktober får digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung og statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet Tomas Norvoll rapporten «Innspel frå Nasjonalt eksportråd: Digitale tenester og teknologi».

– Bedriftene våre og næringslivet vårt skal bli best i Norden på bruk av nye teknologiar og digital innovasjon. Det vil krevje mykje, men vi har dei kloke hovuda og verktøya som trengst. Samtidig treng vi nye marknader for våre produkt og tenester, og nettopp her vil forslaga frå Nasjonalt eksportråd spele ei viktig rolle. Eg ser fram til å få desse, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.

– Som de veit er det Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet som har ansvar for IKT-politikken, men Nærings- fiskeridepartementet er ansvarleg for Nasjonalt eksportråd. Derfor har vi no invitert til eit fellesmøte. Vi får ein rapport om eit tema som er svært relevant for norsk næringsliv og eksport, og eg ser fram til å lese rapporten i meir detalj, seier statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet Tomas Norvoll.

Nasjonalt eksportråd (NE) etablerte før sommaren 2023 ei eiga arbeidsgruppe for å sjå nærare på korleis ei eventuell satsing på IKT skulle sjå ut. Arbeidsgruppa vart beden om å vurdere om IKT skulle vere ei eiga strategisk eksportsatsing, eller om IKT er eit tverrgåande fokusområde for alle satsingane. Arbeidsgruppa konkluderte med det siste, og det vart vedteke at arbeidsgruppa skulle lage ein rapport med forslag og tilrådingar om IKT-sektoren.

Tid: 16. oktober, klokka 10.00-10.30

Stad: Nærings- og fiskeridepartementet, Kongens gate 8, Oslo

Påmelding: presse@dfd.dep.no