Digitaliseringsministeren besøker Agder

Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung besøker Agder fredag 28. juni.

Statsråden starter dagen hos Nasjonal Kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) i Lillesand. Der får ho høyre meir om mellom anna sikkerheit i digital infrastruktur, Nkom sitt antisvindel-arbeid og digital bærekraft. Media kan delta på heile eller delar av møtet, og det er sett av eiga tid til intervju kl. 12.30.

Statsråden drar vidare til Universitetet i Agder (UiA) i Grimstad. Her får statsråden mellom anna høyre meir om fleire av Centre of Artificial Intelligence Research sine forskingsprosjekt og eit samarbeid UiA har med NAV om ansvarleg digitalisering og sårbare grupper.

Pressekontakt:

Kjersti Bjørgo, kommunikasjonssjef i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Tlf: 971 64 835

presse@dfd.dep.no Pressetelefon: +47 22 24 20 00