Digitaliseringsministeren møter IGF-sekretariatet
Pressemelding | Dato: 06.05.2024 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Noreg er kandidat til å vere vertskapsland for Internet Governance Forum (IGF) i 2025. Denne veka er IGF-sekretariatet her i landet for å vurdere om Noreg fyller krava til eit godt arrangement. Tirsdag 7. mai møter sekretariatet digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.
Den store konferansen kan samle 3-4000 deltakarar frå heile verda og like mange deltakarar digitalt for samtalar om framtidas internett. Internett koplar oss saman, og i Noreg er vi opptekne av at internett også i framtida skal være trygt, velfungerande og opent for alle.
No i vår besøker IGF sitt sekretariat dei to kandidatlanda, Noreg og Russland, for å vurdere kven av dei som skal få det store arrangementet. Denne veka er sekretariatet i Noreg og skal mellom anna besøke Stortinget, Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, Utanriksdepartementet og Oslo kommune, møte norsk næringsliv og telekom- og datasenterbransjen og i tillegg sjå på fasilitetane der eit slikt stor arrangement kan gjennomførast.
7. mai møter digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung IGF-sekretariatet på Den norske opera og media er velkomne til å intervjue både Tung og representantar for sekretariatet.
- Tid: Tirsdag 7. mai kl. 16.30
- Stad: Den norske opera, møterom Flagstad
Meld frå på førehand om at du kjem til presse@dfd.dep.no.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 20 00