Statsbudsjettet 2023

Vil innføre gratis barnehage i tiltakssona i Nord-Troms og Finnmark

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

I sitt framlegg til statsbudsjett føreslår regjeringa å innføre gratis barnehage i Nord-Troms og Finnmark frå 1. august 2023. Det vert videre føreslått å auke satsen på nedskriving av studielån i tiltakssona gjennom å auke satsen frå 10 prosent til 20 prosent av studielånet, og frå 25 000 kroner til 30 000 kroner som maksimalt årleg beløp.

Samla set regjeringa av 118 millionar kroner til desse tiltaka i 2023.

– Det er kanskje viktigare enn nokon gong å legge til rette for auka busetting i dei nordlegaste områda av Noreg. Fleire og sterkare personretta tiltak er sterkt etterspurd i regionen, og eg håpar dette vil bidra til at fleire barnefamiliar vel å bu og arbeide i nord, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Både næringsliv og offentleg sektor i Nord-Troms og Finnmark slit med å dekke behova for arbeidskraft innanfor fleire yrke. Regjeringa meiner derfor at det er heilt nødvendig med tiltak som kan bidra til tilflytting og rekruttering av arbeidskraft i tiltakssona.

- Barnehagen er viktig for ungane, for leik, utvikling og venskap. Og barnehagen er viktig for familiane. Å uttrykke gjennom noko så viktig som barnehage at vi ønsker meir bosetting i nord, er eg glad for at vi har prioritert i eit elles stramt budsjett, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no