Djupt bekymra for utviklinga i Midtøsten

– Eg er djupt bekymra over utviklinga i Midtausten og rapportar i media om at Israel skal ha angripe mål i Iran i natt. Angrepa dei siste vekene er ei svært alvorleg og farleg forverring av situasjonen, som allereie er svært ustabil. Vi føler med alle som no lever med frykt og uvisse, ikkje berre i Iran og Israel, men i heile Midtausten, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

– Dei siste dagane har vi hatt samtalar med partane, fleire leiarar i Midtausten og andre sentrale land. Vi har komme med tydelege åtvaringar og oppmoda alle til å gjere sitt ytste for å hindre vidare opptrapping. Det er viktig at dette kjem over i eit diplomatisk spor. Denne krisen kan ikkje løysast gjennom nye bombeangrep.

– Eg gjentek derfor oppmodinga til alle partar om å ta ansvar, dempe konfliktnivået og utvise størst mogleg atterhald. Dette må stoppe, og det er viktig at alle krefter blir sett inn på at det. Valdsspiralen må brytast.

– Utanriksdepartementet har oppmoda alle norske borgarar til å forlate Iran. Vi har i morgontimane vore i kontakt med alle ambassadane våre i regionen. Utanriksdepartementet vurderer fortløpande tiltak for å vareta våre tilsette i denne spente situasjonen. På generelt grunnlag kommenterer vi ikkje enkelttiltak.

– Vi skjerpet reiserådet for Iran tidlegare denne veka til det høgaste nivået på grunn av den uføreseielege tryggingssituasjonen. Det er rundt 100 norske borgarar som har registrert seg på reiseregistrering.no at dei er i Iran. Det er frivillig å registrere seg, og talet kan derfor vere høgare, avsluttar utanriksministeren.