Dobbel pris til den beste nynorskkommunen

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

No kan du nominere kommunar og fylkeskommunar som tar særleg godt vare på det nynorske skriftspråket til prisen "Årets nynorskkommune 2022". Fristen er 20. september.

Kultur- og likestillingsdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune 2022». Frå og med i år blir prisen delt ut berre annakvart år, og prispotten blir som følgje av denne endringa dobla. Vinnaren av «Årets nynorskkommune 2022» vil difor få med seg heile 200 000 kroner.

I juryen sit representantar frå Språkrådet, Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.

Fristen for å nominere kommunar og fylkeskommunar er 20. september 2022.

Kontakt: jurysekretær Helene Urdland Karlsen i Språkrådet, tlf. 97 51 21 76

Les meir om prisen på nettsida til Språkrådet

Vinnaren for 2021 var Ål kommune i Hallingdal i Viken fylke

Gruppebilde
På bildet: ordfører i Ål Solveig Vestenfor, kultursjef i Ål Hilde Bjørnsvik, språkrådsdirektør Åse Wetås, seksjonssjef i Språkrådet og juryleiar Margrethe Kvarenes, rådmann i Ål Karsten Popp Dideriksen, oppvekstsjef i Ål Vegar Hoel, statssekretær i Kunnskapsdepartementet Oddmund Hoel, biblioteksjef i Ål Anne Kaslegard. Foto: John Erik Bøe Lindgren.