Statsbudsjettet 2025

Driftssikker Troll forskningsstasjon i Antarktis

Regjeringen foreslår å auke løyvinga til Trollstasjonen med 15 millionar kroner. Dette er for å halde oppe ein trygg og driftssikker forskingsstasjon i Antarktis i åra fram til ein ny stasjon kan vere på plass.

Tjue år på det mest vêrharde kontinentet i verda har sett sine spor på den norske forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land. Ein ny stasjonsbygning kan tidlegast stå klar i 2032. For å halda oppe ei stabil og sikker heilårsdrift i Antarktis dei neste åra, er det behov for vedlikehald og oppgraderingar av dagens stasjon.

– Trollstasjonen er utgangspunktet for Noregs forskingsaktivitet i Antarktis. Den norske antarktisforskningen har stor verdi for den internasjonale kunnskapsutviklinga om dei globale klima- og miljøutfordringane. All forsking og nærvær på Troll er heilt avhengig av stabil og sikker heilårsdrift, seier klima- og miljøminister Tore O. Sandvik.

Trollstasjonen opererer under ekstreme forhold og er heilt isolert frå omverda store deler av året. Svikt i bygningsmasse eller annan infrastruktur kan få svært alvorlege konsekvensar, spesielt i overvintringssesongen.

– Nå må me ruste opp den eksisterande Trollstasjonen, så han framleis kan vere ein trygg base for norsk antarktisforsking, seier klima- og miljøminister Tore O. Sandvik.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.