Dronninga til opning av Munchutstilling i Roma
Pressemelding | Dato: 27.01.2025 | Utanriksdepartementet
Hennar Majestet Dronning Sonja deltek på opninga av utstillinga «MUNCH: Inner Fire» 10. februar i Roma. Utstillinga, som inneheld 100 verk av Edvard Munch, finn stad på Palazzo Bonaparte.
Det er 20 år sidan førre Edvard Munch-utstilling i Roma. Alle dei 100 verka som inngår i utstillinga er utlånte frå Munchmuseet. Utstillinga gir eit heilskapleg bilete av Munch si kunstnariske og menneskelege utvikling gjennom ikoniske verk som «Pikene på broen» (1927), «Dans på stranden» (1904) og eit litografi av «Skrik» (1895). Verk frå Munch si tid i Italia er òg teke med. Den amerikanske kunsthistorikaren Patricia G. Berman er kurator for utstillinga.
Utstillinga kjem til Roma etter at ho først blei vist på Palazzo Reale i Milano i fjor haust. Utstillinga blei den best vitja utstillinga i Italia i fjor, med om lag 2 000 vitjarar dagleg. I tilknyting til utstillinga var det eit omfattande sideprogram innan film, litteratur, design, musikk, fotografi og performativ kunst.
Også i Roma vil utstillinga følgjast av ein presentasjon av andre kunstuttrykk frå Noreg. Utstillinga med sideprogram gir eit viktig løft for fremje av norsk kultur i Italia og til norsk-italiensk kultursamarbeid.
Pressekontakt ved ambassaden i Roma: Linda K. Gaarder, e-post linda.gaarder@mfa.no, telefon: +47 23 95 29 42
Pressekontakt ved Det kongelege hoffet: Simen Løvberg Sund,
e-post simen.lovberg.sund@slottet.no, telefon +47 992 35 157