Dronninga til opning av utstilling i Paris
Pressemelding | Dato: 06.09.2024 | Utanriksdepartementet
Hennar Majestet Dronning Sonja vil vere til stades ved opninga av utstillinga «Harriet Backer, La musique des couleurs» 23. september i Paris. Utstillinga på Musée d'Orsay er den første retrospektive utstillinga om Harriet Backer i Frankrike.
Utstillinga er ein del av Musée d'Orsays fokus på ulike kunstnarar som har vore avgjerande for kunstutviklinga i andre halvdel av 1800-talet. Dette vil inkludere andre kunstnarar frå Norden som Kitty Kielland og Asta Nørregaard. Museet vil òg setje opp eit breitt sideprogram med andre norske kulturuttrykk, mellom anna musikk av Harriet Backers søster, komponisten Agathe Backer Grøndahl.
Utstillinga er eit initiativ frå Kode og Nasjonalmuseet, i samarbeid med Nationalmuseum i Stockholm og Musée d'Orsay i Paris. «Harriet Backer, La musique des couleurs» er den andre i rekkja av utstillingar vigd norske kunstnarar på Musée d'Orsay. Den førre var Edvard Munch hausten 2022, og den neste blir vigd Christian Krohg våren 2025.
Pressekontakt ved ambassaden i Paris: Barzin Viel-Bonyadi, e-post Barzin.Viel-Bonyadi@mfa.no, mobil: +33 6 82 17 24 19