Statsministeren møter Egypts president

Måndag 9. desember er Egypts president Abdel Fattah Al Sisi på offisielt besøk i Noreg, og møter mellom anna statsminister Jonas Gahr Støre.

Kl. 10.15: Statsministeren møter Egypts president Abdel Fattah Al Sisi, til samtalar i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Presse som ønskjer kan ta foto ved ankomst.

Kl. 10.30: Statsministeren og presidenten er til stades under signeringa  av ein samarbeidsavtale mellom Noreg og Egypt, og signering av avtalar om utbygging av grøn energi i Egypt. Det er høve til å ta foto under signeringa.

Kl. 10.45: Statsministeren og presidenten med delegasjonar har eit bilateralt møte. Det er høve til å ta foto ved starten av møtet.

Fotografar som ønskjer å vere til stades må melde seg til rvi@smk.dep.no innan fredag 6. desember kl. 14.00.

Oppmøte seinast kl. 09.30 i Riddervoldsgate 2. Ta med pressekort og gyldig id.

Kl. 12.30: Statsministeren er tilgjengeleg for presse i samband med besøket. Presse som ønskjer å vere til stades må melde seg på til rvi@smk.dep.no innan fredag 6. desember kl. 14.00.

Oppmøte seinast kl. 12.00 i Riddervoldsgate 2. Ta med pressekort og gyldig id.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.