Statsbudsjettet 2025
Ei kraftfull satsing på byane våre
Pressemelding | Dato: 07.10.2024 | Samferdselsdepartementet
Regjeringa foreslår å løyve 7,7 milliardar kroner til ordningar som fremjar attraktive og klimavenlege byar med god framkome . – Byvekstavtalane og andre tilskotsordningar skal hjelpe byane å nå målet om at auken i persontransporten skal skje til fots, på sykkel eller med kollektivtrafikk, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
– I dei fire største byane set vi av pengar til å starte opp ei rekke nye investeringstiltak for gonge, sykkel og kollektivtransport. Med denne prioriteringa styrker vi oppfølginga av byvekstavtalane. Vi set også av pengar til dei nye byvekstavtalane for Kristiansandsregionen og Nedre Glomma som det er venta blir inngått i haust. Vi følgjer opp byvekstavtalen med Tromsø, og fører vidare ordningar med tilskot som gjeld andre byar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Regjeringa set av om lag 6,9 milliardar kroner til å følgje opp byvekstavtalane i Oslo-området, Bergens-området, Trondheims-området og Nord-Jæren. Til byvekstavtalane for Tromsø, Kristiansandsregionen og Nedre Glomma set regjeringa av 610 millionar kroner. Regjeringa set av 220 millionar kroner til belønningsavtalar for Buskerudbyen og Grenland.
I Stortingets handsaming av Nasjonal transportplan 2025–2036 (NTP) blei det gjort fleire oppmodingsvedtak. I budsjettet omtaler regjeringa oppfølginga av desse vedtaka. 500 millionar kroner er omprioriterte til tilskot til Majorstuen stasjon i første seksårsperiode av NTP.
Nye tiltak for gonge, sykkel og kollektivtransport
Med meir pengar til investeringstiltak i byvekstavtalene er det fleire prosjekt som er prioritert av byområda sjølve, som kan vere aktuelle for oppstart i 2025. Desse er mellom anna tiltak for gonge og sykling på rv. 150 Gaustadalleen–Rektorveien i Oslo, fv. 5156 Åsen–Helleskaret i Bjørnafjorden kommune og rv. 706 Lilleby skole–Nordtvedts gate i Trondheim kommune. Det er òg aktuelt å prioritere pengar til tiltak for gonge og sykling på fv. 334 Oalsgata i Sandnes kommune. Dette er eit prosjekt som ein lokalt valde å starte opp med bompengar i 2024. I 2025 er det aktuelt med bompengar og statlege midlar til prosjektet.
Meir langsiktig ordning for mindre byområde
Tilskotsordninga til byområde som ikkje er omfatta av byvekstavtaler, gjeld Bodø, Ålesund, Haugesund, Arendal/Grimstad og Vestfoldbyen (Tønsberg, Sandefjord og Larvik).
– Vi fører vidare tilskotsordninga for dei fem mindre byområda, men gjer ho søknadsbasert med fireårige avtalar. Det er meir føreseieleg og langsiktig og ei etterspurd endring, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Regjeringa set av 33 millionar kroner til klima- og miljøvenleg byutvikling og god framkome gjennom denne ordninga. Kriteria for å bli tildelt midlar blir ikkje endra, og inneber mellom anna at byområda må forplikte seg til å følgje opp nullvekstmålet og ha ein bypakke som er behandla i Stortinget.